Forureining

Oppdatert 05.01.2024

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir

Akutt forureining

Dersom eit uhell eller ei ulykke fører til eller kan føre til akutt forureining av det ytre miljøet, skal du straks varsle om dette på telefon:

  • 110

Statsforvalteren i Rogaland har ein intern beredskap når det gjeld akutt forureining, og har følgande vakttelefonnummer:

Jan Meling (IUA-kontakt forureining):

  • 51 56 87 26

Stig Sandring (IUA-kontakt natur):

  • 51 56 89 31 / 911 37 570

Marit Sundsvik Bendixen (fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 36 / 922 49 043

Cathrine Stabel Eltervåg (ass. fylkesmiljøvernsjef):

  • 51 56 89 15 / 986 76 987

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.05.2021

Tillatelse til midlertidig anleggsarbeid med utslipp til Bismarebekken

Statsforvalteren har etter søknad gitt Statens vegvesen tillatelse etter forurensningsloven til utslipp av anleggsvann fra midlertidig anleggsvirksomhet til Bismarebekken og Suldalsvatnet.


Publisert 27.04.2021

Løyve til utfylling i sjø i Lerviga

Stavanger kommune er gitt løyve til arbeid i sjø i Lerviga, i samband med ny brannstasjon. 


Publisert 23.04.2021

Løyve til Jakob Hatteland Bygg AS

Jakob Hatteland Bygg AS er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigendom 108/7, 92, 111 og 112, Nedre Vats i Vindafjord kommune. 


Publisert 09.04.2021

Forenklet tillatelse til utlegging av sjøledning i Sauda kommune

Sauda kommune er etter søknad gitt en forenklet tillatelse til arbeid i sjø i forbindelse med utlegging av rørledninger mellom pumpestasjonene i Fløgstadvika og på Vangnes, og Tangen.


Publisert 06.04.2021

Tillatelse til steinlegging på sjøbunn utenfor Nordmarka næringsområde

Tau Autonomy Center AS er etter søknad gitt en forenklet tillatelse til steinlegging av sjøbunn utenfor Nordmarka næringsområde i Strand kommune.


Publisert 04.03.2021

Løyve til IVAR IKS i samband med arbeid i vassdrag

Statsforvalteren i Rogaland har gitt IVAR IKS løyve i samband med legging av ny vassledning fra Time kommune til Sola kommune.


Publisert 04.03.2021

Etterkunngjering av løyve til peling i sjø i Låderviga

Ryfylke Friluftsråd er gitt løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på eigendom 62/9, Låderviga i Strand kommune.


Publisert 03.03.2021

Kunngjering av løyve til tiltak i sjø Forsand ferjekai

Rogaland fylkeskommune er gitt løyve til mudring og utfylling i sjø for oppgradering av Forsand ferjekai i Sandnes kommune.


Publisert 25.02.2021

Avslag på søknad fra Tytlandsvik Aqua AS

Statsforvalteren i Rogaland avslår Tytlandsvik Aqua AS sin søknad om utvidelse av landbasert postsmoltanlegg.


Publisert 20.01.2021

Løyve til Rogaland fylkekommune i samband med utslepp av anleggsvatn

Statsforvaltaren i Rogaland har gitt Rogaland fylkeskommune mellombels løyve til utslepp av reinsa anleggsvatn da Frafjordtunnelen skal oppgraderast.