14.000 elvemuslingar satt ut i Årvikelva i Tysvær

Tidlegare prosjektleiar for anlegget i Austevoll, Per Johan Jakobsen, viser stolt fram muslingane klare for utsetjing.
Tidlegare prosjektleiar for anlegget i Austevoll, Per Johan Jakobsen, viser stolt fram muslingane klare for utsetjing. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Onsdag 5. mai blei 14.000 elvemuslingar satt ut i Årvikelva i Tysvær. Dette er eit resultat av at ein i 2018 samla inn eldre stammuslingar frå elva til kultiveringsanlegget for elvemusling i Austevoll utanfor Bergen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2021

Elvemuslingbestanden i Årvikelva var i ferd med å døy ut. Bestanden bestod berre av nokre hundre eldre individ og det var ikkje teikn til reproduksjon. I eit forsøk på å redde den lokale elvemuslingbestanden i Årvikelva, vart fødselshjelpa i anlegget i Austevoll vurdert som eit avgjerande tiltak.

Ein truga ansvarsart

Elvemuslingen er ein ansvarsart for Noreg, ettersom vi har om lag 40% av alle elvemuslingar i Europa. Den er oppført som sårbar i norsk raudliste for artar og kan bli opp mot 300 år gamal.

Manglande rekruttering er ein av dei største trugslane for dei gjenlevande bestandane av elvemusling i dag. Dei ar avhengige av at oksygen- og næringsrikt vatn kan få strøyme fritt mellom massane på elvebotnen. Menneskelege inngrep i og langs vassdraga våre fører til at slam og partiklar fyller igjen desse viktige holromma der elvemuslingen oppheld seg dei første 5-8 leveåra. Dette fører til at muslingane blir kvelte. Dårleg vasskvalitet som følgje av mellom anna forsuring, overgjødsling og andre utslepp er òg med på å forringe leveområda for elvemuslingen.

Elvemuslingen har ein omstendeleg livssyklus, og er avhengig av laks eller aure for å reprodusere. Muslinglarvane fester seg på gjellene til fisken, og lever her dei første månadane av livet sitt, før dei slepp seg av og grev seg ned i elvebotnen.

Elvemuslingane som no er sette ut i Årvikelva er to år gamle. Dei har oppheldt seg inne i rekruttringsanlegget i den mest kritiske fasen for overleving, og ein reknar no med at opp mot heile 90% vil klare seg.

Her blir mellom 800-900 muslingar satt ut i elva.
Her blir mellom 800-900 muslingar satt ut i elva. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Ein viktig vassreinsar

Ein vaksen elvemusling kan filtrere opptil 50 liter vatn i døgnet. Ein auke i elvemuslingbestanden i Årvikelva med fleire tusen individ, vil difor kunne betre vasskvaliteten i elva betrakteleg. Dette vil igjen gje betre tilhøve for fisk og andre vasslevande organismar.

Elvemuslingane blei satt ut i Årvikelva i kalkrik marmorgrus.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar