Treng du eller vil du bli mentor i landbruket?

Dialog om næringstilgang i potetproduksjon. Foto: Annabell Pfluger

I mentorordninga kan du som ny bonde gjer ein avtale med ein erfaren kollega om å vere diskusjonspartnar i drifta gjennom eitt år. Søknadsfrist 1.desember!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2021

Målgruppe
Nye eller unge produsentar i ein oppstarts- eller utviklingsfase. Tilbodet omfattar alle produksjonar, også Inn på tunet, lokal foredling med meir.

Mentorpar
Alle mentorpar er knytt til ein regionkontakt i Norsk landbruksrådgiving (NLR). Før dei set i gong, får dei opplæring i kva opplegget går ut på og kva det vil seie å vere eller å ha mentor. Opplæringa skjer regionvis, der mentorar, nye bønder og regionkontaktar i NLR møtast.

Mentorpara inngår ein avtale som inneber kommunikasjon og møte gjennom eitt år. Mentor får godtgjering for arbeidet. Tilbodet er gratis for nye bønder.

- "Mentorordninga har fungert veldig godt....Du får gode, praktiske råd frå ein erfaren bonde. Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller  kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som får  godtgjersle", seier Mette Feten.


Søknadsfrist er 1. desember for påfølgjande år.
Søknadsskjema for deg som ny bonde.


Treng fleire mentorar
Erfarne bønder er oppmoda til å melde seg som mentor.
Søknadsskjema for deg som vil bli mentor.


Har du spørsmål? Ta kontakt med Bjørg Karin Dysjaland, NLR Rogaland, 938 40 839, bjorg.dysjaland@nlr.no

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ordninga i samarbeid med  Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge regionalt. Det blir gjeve økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.