Telledato og søknadsfrist for produksjonstilskot 2021 nærmar seg!

Hugs å ha oppdaterte tal i husdyrregisteret 1. mars

På telledatoen 1. mars opnar søknadssystemet for å søkje om produksjonstilskot for 2021. Sørg for at du har oppdaterte tal i Husdyrregisteret. Dersom du er usikker kan landbruksavdelinga i kommunen svara på dine spørsmål.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2021

Føretaket må vere registrert i Einingsregistrert

For å kunne søkje må du ha registrert føretaket i Einingsregisteret (Enhetsregisteret). Dersom det er første gong du søkjer, kan det vere greit å ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen for å få rettleiing.

Fristar

Du kan føre opp dei dyra du disponerer 1. mars. Fristen for å søkje er 15. mars. Du kan endre opplysningane i den innleverte søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, dvs. fram til 29. mars. Søkjer du 14 dagar etter søknadsfristen vil søknaden bli avvist.

Trekk i utbetalinga om du leverer for seint

Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, men då blir tilskotsutbetalinga redusert med 1000 koner for kvar dag fristen er overskriden.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside om produksjonstilskot. Her finn du lenker til forskrift og rundskriv. Du finn også lenke til elektronisk søknadsskjema.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.