Tal frå søknadane om produksjonstilskot i 2020

Landbruksdirektoratet har publisert ein førebels statistikk over føretak, areal og dyr basert på søknadene om produksjonstilskot i jordbruket for 2020. Tala viser utviklinga i dyretalet for Rogaland for dei ulike produksjonane. Det har vært ein auke i sauebestanden og ammekubestanden siste år, medan tal for mjølkeku og avlspurker har gått ned.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.11.2020

Kvart år utarbeider Landbruksdirektoratet statistikk over føretak, areal og dyr basert på søknadane om produksjonstilskot i jordbruket. Endring i vilkåra for produksjonstilskot vil verka inn på utviklinga i tal jordbruksføretak som mottar produksjonstilskot. Tala som no er tilgjengelege er basert på søknadane. Endelege tal vil publiserast i mars 2021 etter at søknadane er ferdig behandla og godkjende.

Jordbruksareal

I 2019 fekk 3773 føretak i Rogaland tilskot for jordbruksareal i drift. Tal søkarar for søknadsåret 2020 er uendra, men det er søkt om 4800 dekar mindre.

Mjølkeku og ammeku

1105 føretal har til saman søkt om tilskot til 37 688 mjølkekyr i Rogaland i 2020. Etter samanslåinga av fylke har Trøndelag passert Rogaland i tal mjølkekyr, med om lag 7.700 fleire dyr. På landsbasis er det søkt om tilskot til om lag 6800 færre mjølkekyr i 2020 i forhold til talet på dyr det blei betalt ut tilskot til for søknadsåret 2019. For Rogaland blei det frå 1.3.19 til 1.3.20 redusert med om lag 930 mjølkekyr.

Medan tal på mjølkekyr har gått ned, aukar talet på ammekyr. I same tidsrom auka talet på ammekyr med 6350 kyr på landsbasis. I Rogaland er det 1345 ammekyr, og for søknadsåret 2020 har 882 føretak søkt om produksjonstilskot for ammekyr.

Sauer

På landsbasis minka talet på sauer født føregåande år eller tidlegare frå 1.3.18 til 1.3.19. Frå 1.3.19 til 1.3.20 har sauebestanden på landsbasis derimot auka med nesten 1,5 prosent til 906 139 sauer. Rogaland har flest sauer i landet og me har hatt ein auke på om lag 4000 sauer det siste året. I 2020 har 2434 føretak søkt om produksjonstilskot for søyer født i fjor eller tidlegare.

Avlspurker

Rogaland har flest avlspurker i landet, per 1.3.20 hadde Rogaland 28 prosent av alle avlspurkene i Noreg. På landsbasis har talet på avlspurker gått ned med 6 prosent det siste året, frå 44.363 til 41.726. Frå 1.3.19 til 1.3.20 har Rogaland ein nedgang på 794 purker. I 2020 har 224 føretak i Rogaland søkt om produksjonstilskot for avlspurker som har gått minst eit kull.  

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.