Redusert tilskot i dyrevelferdssaker

Gris som har det godt. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Mattilsynet er i gang med ein kampanje for å kartlegga dyrevelferda for svin i heile landet. Dersom dei finn svært dårleg dyrevelferd i ei besetning, kan dette føra til redusert utbetaling av produksjonstilskot. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2021

Mattilsynet har ein landsdekkande tilsynskampanje for dyrevelferd hos svin i 2021 og 2022. Kven som får eit besøk er tilfeldig valgt ut, og målet er å rekka over 600 svinehald.

Kopi av dei alvorlege sakene til landbruksforvaltninga

Mattilsynet skal senda kopi av vedtak til kommunen og Statsforvaltaren i tilfelle der dei finn svært alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket. Dette er bestemt i ei avtale mellom Landbruksdirektoratet og Mattilsynet sentralt. Det vil også gjelda dersom Mattilsynet finn svært alvorlege regelverksbrot under tilsynskampanjen. 

Tilskotet avlått i dei mest alvorlege sakene

Når kommunen får kopi av ei slik sak frå Mattilsynet, må dei vurdera om saka skal få konsekvensar for utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot. Dersom dyrevelferda er så dårleg at det ikkje kan seiast å vera "vanleg jordbruksproduksjon med godt husdyrhald", kan den delen av tilskotet som er relatert til husdyrhaldet der det er funne alvorlege brot på regelverket bli avslått. I svinehald vil dette gjelda husdyrtilskotet til svin og avløysartilskotet. 

Lista for å avslå tilskot til husdyrhald ligg høgt. Det er berre i dei mest alvorlege sakene tilskotet kan bli avslått. Det gjeld først og fremst saker som er så alvorlege at Mattilsynet fattar vedtak om aktivitetsforbod eller avvikling av dyrehaldet, eller saker der det er funne gjentekne alvorlege brot på regelverket over lang tid.   

Tidlegare var praksis å trekka eit større eller mindre beløp frå tilskotet i dyrevelferdssaker - alt etter kor alvorlege brota på regelverket var. Frå og med 2020 er det berre dei mest alvorlege dyrevelferdssakene som får konsekvensar for tilskotet. Men i desse sakene blir altså heile tilskotet til produksjonen der det er funne alvorlege regelverksbrot avslått. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.