Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Webinar for skogeigarar; Økonomisk gevinst med skogfond

Me inviterer til kveldswebinar med tema skogfond torsdag 28. januar! Skogfond gir økonomiske fordelar og legg grunnlaget for vidare investeringar i skogen din. Skogkurs gir deg ei innføring i praktisk bruk av skogfondet!

Publisert 14.01.2021

Dette er det fyrste kveldswebinaret i ei rekke på fire som gir innspel til kva du som skogeigar kan gjere for å oppnå ein økonomisk og berekraftig skogforvalting på eigedommen din.

Fyrste tema ut er skogfond med skattefordel som er ei økonomisk særordning for skogbruket. Ordninga bidrar til å auke lønnsamheita for skogeigaren og legg grunnlaget for langsiktige investeringar i skogen til det beste for skogproduksjonen og miljøverdiane som finst der.

Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs fortel oss korleis du utnyttar ordninga, og tek oss gjennom følgjande tema:

  • Bruk og utnyttelse av skogfond
  • Informasjon om det nye skattesystemet
  • Samspel mellom skatt og skogfond for ulike skogeigargrupperingar
  • Aktuelle verktøy

Sjå eiga temaside om du vil lese meir om skogfond som førebuing til webinaret.

 

Program

Tid: 28. januar klokka 19.00-20.30

Sted: Digitalt teams-møte

Påmelding: I skjemaet under. Påmeldingsfrist er onsdag 27. januar.

Hendinga er gratis. Me sender ut link med tilgong til arrangementet til dei påmeldte dagen i forvegen. 

18:50 – 19:00    Pålogging  
19:00 – 19:05 Velkomen, køyrereglar for dette møtet Geir Gudmestad, Statsforvaltaren i Rogaland
19:05 – 20:05  Kva er skogfond? Korleis bruke det praktisk og effektivt? Bjørn Helge Bjørnstad, Skogkurs
20:05 – 20:20 Innspelsrunde, spørsmål og tilbakemeldingar  

 

Gjennom våren vil det kome fleire webinar retta mot skogeigarar om kva som skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen. Sjå oversikten over komande kveldswebinarer her.

Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane! 

 

Påmelding webinar om skogfond 28. januar