Tema: Ungskogpleie

Ungskogpleie er å gjere tiltak i eit ungt plantefelt for å sikre best mogleg vekstforhald for framtidstrea; dei trea som ut frå treslag og kvalitet gir størst mogleg verdi for skogeigar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020, Sist endra 20.07.2021

Ungskogpleie

Ungskogpleie er eit av dei mest lønsame tiltaka ein gjer i skogen då ein ivaretek tidlegare investeringar i forynging samtidig som ein legg rette for optimal produksjon og valmoglegheiter i framtida. 

Etter som trea i eit plantefelt veks blir det konkurranse om plass og ressursar som lys, vatn og næring. Ved å gå inn og rydde vekk konkurrerande vegetasjon og sørge for god romleg fordeling av trea, sikrar ein at framtidstrea får plass og ressursar til utvikling av krone og rotsystem. Dette gjer dei livskraftige og vindsterke.

Ein gjennomfører ungskogpleie for å legge til rette for god produksjon og kvalitet i bestandet. Samstundes bør ein ta omsyn til friluftsliv, biologisk mangfald gjennom blant anna treslagsfordeling, kantsonar og stiar. 

Finansiering av ungskogpleie

Ein kan bruke midlar frå skogfondskontoen til å finansiere ungskogpleien. Ein får då skattefordel på dei midlane ein tek ut av fondet. Mange kommunar har også tilskot til ungskogpleie.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.