Stor samfunnsøkonomisk nytte av oppskriving av offentlege vegar

Ved låg vegstandard  køyrer transportørane med små lass.
Ved låg vegstandard køyrer transportørane med små lass. Foto: TØI/Helge Kårstad.

Suldal, Tysvær, Vindafjord og Hjelmeland vil ha spesielt stor samfunnsøkonomisk nytte av å oppgradere vegane slik at ein kan køyre med fulle vogntog. Det kjem fram i ny rapport om flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport for Rogaland og Vestland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.06.2021

Vegstandarden på kommunale og fylkeskommunale vegar set store avgrensingar for rasjonell og effektiv transport av tømmer og anna gods. Rogland og Vestland skil seg ut med dårlegare vegstandard samanlikna med andre fylke (figur 1.1).

Dette kjem fram i ein ny rapport utarbeidd av Transportøkonomisk institutt (TØI) i samarbeid med kystskogbruket og Skognæringa Kyst SA. Formålet med undersøkinga var å kvantifisera den samfunnsøkonomiske bruttonytten ved å fjerna flaskehalsar på vegnettet i Rogaland og Vestland for tømmertransport og anna godstransport i 40 års perioden 2022 - 2061.

Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger".
Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger". Foto: TØI.

Gjer utslag på økonomi og klimagassutslepp

Det er desidert størst bruttonytte av oppgradering av vegnettet i våre største skogkommunar Suldal, Tysvær, Vindafjord og Hjelmeland (figur 3.6). Flaskehalsane og nytta av oppgradering er relativt likt fordelt mellom kommune- og fylkesvegar, med unntak av Tysvær der fylkesvegane utgjer desidert størst utfordring. Suldal kommune har ein samla bruttonytte ved oppgradering på nærare 17 mill. kroner (noverdi).

Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å
fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger".
Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger". Foto: TØI.

Full oppgradering av flaskehalsane vil reduserer CO2-utsleppa frå transport på desse vegane med over 40 % på grunn av færre turar med halvfulle lass.

Ein typisk flaskehals for tømmertransport i Rogaland er at vogntoget har ei lengdeavgrensing på 12,4 meter, og ei vektavgrensing på maks 8 tonn aksellast og totalvekt 32 tonn (bruksklasse BK8).

Nyttelasten på bilen blir svært låg, som demonstrert i denne nyheitsreportasjen. Tømmersjåførane må ofte gjennomføre 7 turar med små lass på den gjeldande vegstrekninga for å fylle opp ein tømmerbil med korthengar (19,5 meter) for vidare transport. Dette fører til store ekstra transportkostnadar og set avgrensingar for god økonomisk utnytting av skogressursane og andre næringar langs kysten.

For tømmertransporten er det estimert eit tømmervolum på nærmare 15 millionar kubikkmeter som skal fraktast på dei gjeldande vegane med flaskehalsar i Rogaland og Vestland i 40 årsperioden.

Grundig oversikt over vegar med potensiale for oppgradering

Rapporten gir oversikt over dei viktigaste flaskehalsane for tømmertransport og anna godstransport i kommunane. Oversikta er sortert etter høgast samfunnsøkonomisk bruttonytte om vegen blir oppgradert til å tole vogntog med fullasta korthengar (BK10-50t, 19,5 m).

For rekne ut bruttonytte for anna godstransport, blant anna for jordbruket, har TØI lagt til grunn tall frå SSB si lastebilundersøkinga for åra 2017-2019. 

Bruttonytta er detaljert rekna ut for 40 årsperioden 2022-2061 og med ei forenkla utrekning for dei etterfølgjande 35 åra. 75 år skal tilsvara levetida på ei oppgradering av vegane. Dette er i samsvar med metodikk som Statens vegvesen nyttar ved utrekning av nytte og levetid på investeringsprosjekt i Nasjonal Transportplan.

Bileta under viser aktuelle kjøretøy for tømmertransport. 3-aksla tømmerbil med korthengar er mest aktuelt for Vestlandet. For vegar med BK10-50 tonn totalvekt og tillatt vogntoglengde på 19,5 m er nyttelasten 32 m3 tømmer. For bruk av langhenger og BK10-60 tonn totalvekt og tillatt vogntoglengde på 24 m er nyttelasten 42 m3 tømmer.

Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger".
Henta frå rapporten "Samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsene i tømmertransport på kommunale veger". Foto: TØI.

Kjelde; TØI rapport 4896-2021

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.