Kartlegging av hogstflater i skogbruket

Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Å tilrettelegge for at det kjem opp ny skog er naudsynt for at skogbruket skal vere berekraftig. Kartlegging av hogstflater i Rogaland frå 2017 syner noko meir planting etter hogst enn tidlegare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2021

Under resultatkartlegginga synfarer kommunen 3 år gamle hogstflater og registrerer informasjon om hogsten som er gjennomført, miljøomsyn og forynginga etter hogsten. Felta er tilfeldig trekt ut.

Kommunane i Rogaland kartla i fjor 25 hogstfelt frå 2017 på til saman 1115 dekar. Dette er omlag ein tredjedel av hogstarealet det same året (totalt 4000 da).

Nærare 70 prosent av areala var tilfredsstillande forynga (figur 1). Det var også 15 prosent av areala som var godkjent omdisponert til jordbruksareal. 

Figur 1: Resultat frå resultatkartlegging i 2020. 25 hogstfalter frå 2017 er tilfeldig trekt ut, og kartlagt av kommunen. 

Skogeigar har ansvar for å for å gjere tiltak innan tre år etter hogsten for å sørge for å få opp ny skog, jamfør foryngingsplikta som står i forskrift om berekraftig skogbruk. Ein andel grunneigarar ynskjer heller å sette arealet i stand til beite eller dyrka mark. Når arealet tre år etter hogst verken er tilfredsstillande forynga eller sett skikkeleg i stand til jordbruksareal er konsekvensen tapt produksjon og verdiskaping innanfor skogbruk og jordbruk.

At ein større del av undersøkte hogstfelt i 2020 var sett i stand til skog- og jordbruksareal enn føregåande år er godt nytt for skog- og jordbruk i Rogaland (figur 2).

Figur 2: Resultat frå resultatkartlegging frå 2011 til 2020. 

Ny kartleggingssesong startar no

Sein haust, etter at grønt lauv har lagt seg, er det sesong for kartlegging. Det er trekt ut 19 felt for resultatkartlegging i 2021 i Rogaland. Skogansvarleg i kommunen tek kontakt for å avtale synfaring med dei skogeigarane det gjeld.

Meir om planting og forynging av skog kan du lese her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.