Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Skogbruket i Rogaland treng arbeidskraft til vårplantinga

Vil du plante skog? Skogbruket ser etter arbeidskraft for å plante skogplanter i Rogaland før sommaren kjem.

Publisert 30.03.2021

Kvar vår og haust skjer det ein storstilt arbeidsinnsats i norske skogar med planting av ny skog. På landsbasis er det i overkant av 35 millionar planter som skal i jorda i 2021. Styrsteparten av plantinga skjer vanlegvis ved hjelp av utanlandsk sesongarbeidskraft, men innreiserestriksjonane på grunn av koronasmitten gjer dette vanskeleg i år.

Statsforvaltaren i Rogaland, AT skog, Nortømmer og kommunane hadde tysdag før påske møte for å avklara situasjonen i Rogaland. Små skogplanter har avgrensa haldbarheit på kjølelager og dei må i jorda i løpet av tidleg sommar. Planteaktørane ser no etter arbeidskraft som kan bidra til å plante skog fra mai og fram mot sommaren.

Vil du plante skog?

Eit avbøtande tiltak er at fleire skogeigarar gjer plantearbeidet på eigen eigedom. Dette er med på å få ned antall planter som må plantast med innleigd hjelp, men det er ikkje realistisk for heile plantevolumet.

Aktørane har difor behov for å engasjere personar som kan gjere ein praktisk jobb med planting av skog eller vere arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og føregår ute i skog og mark.

Kan du tenke deg ein jobb med skogplanting? Send din førespurnad til planteaktørane Nortømmer og AT skog ved å fyll ut skjemaet under. Dei vil ta vidare kontakt når dei har sett på henvendinga di.

Skjema for deg som ynskjer å jobbe med skogplanting