Økonomisk gevinst med skogfond

Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs var tydeleg på at det potensielt er gode økonomiske gevinstar å henta med riktige investeringar i skogfond under webinaret «Økonomisk gevinst med skogfond». God planlegging av dei framtidige investeringane på eigedomen din er nøkkelen for å utnytte fordelane med skogfond best mogleg.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.02.2021

Kva er skogfond?

Skogfond er ein ordning som sikrar at det blir gjort investeringar i ny skog, altså at foryngingsplikta blir oppfylt og at skogeigar sørger for god oppfølging av plantefelta. Samtidig gir skogfond gunstige skattefordelar ved å nytte skogfondet. Skogfondskontoen tilhøyrar eigendommen, og oppdrettas automatisk når det gjennomførast tømmersal frå eigendomen. Skogeigar kan setta av ein valfri sats  4 - 40 prosent av virkets bruttoverdi.

Kva tiltak kan skogfond brukast til?

Skogfond kan nyttast til svært mange forskjellege tiltak i skogen, og regionale forskjellar i miljø og klima gjer at det er store forskjellar mellom fylker for kva tiltak som er aktuelt å bruke skogfond på. Bjørn Helge Bjørnstad forklarte at planting/forynging har ekstra prioritet når det gjeld bruk at skogfond til investeringar. Det vil seie at kommunen kan seie nei til å bruke skogfond til for eksempel bygging av skogsbilveg før foryngingsplikta er oppfylt, med mindre det er sett av nok pengar i skogfondet til å kunne dekka begge delar.

Her er nokre eksemplar på kva skogfond kan brukast til:

  • Foryngelsestiltak som markberedning, klargjøring av plantefelt, vegetasjonskontroll, planting, såing, supplering, etablering av juletrefelt
  • Ungskogpleie
  • Sprøyting
  • Stammekvisting
  • Grøfting
  • Gjødsling
  • Tynning
  • Skogsveger og velteplassar (Nybygging, vedlikehold og ombygging)
  • Skadeforebyggende tiltak
  • Skogbruksplanlegging med miljøregistrering
  • Kurs og kompetanseheving

Skogkurs sin rettleiar om skogfond ligg som vedlegg om du ynskjer meir info om skogfond.

Framtidige webinarer

Dette var det første i en serie på fire webinarer for skogeigarar og andre skoginteresserte. Neste moglegheit kjem den 11.februar då temaet vil vere planting. Informasjon og påmelding finn du på ved å følgje denne linken.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.