Utsetjing av utanlandske treslag

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vart vedteken av Kongen i statsråd 25. mai 2012. Føremålet med forskrifta er å hindra at utsetjing av utanlandske treslag får uheldige følgjer for naturmangfaldet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.08.2012

Forskrifta er fastsett med heimel i kap. 4 i Naturmangfaldlova. Tidlegare reglar om utsetjing av utanlandske treslag er oppheva.

Kva forskrifta omfattar
Reglane gjeld utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksføremål, medrekna produksjon av juletre og pyntegrønt. Bruk av utanlandske treslag i hagar og parkanlegg og andre dyrka område vil regulerast gjennom eiga forskrift om innførsel og utsetjing av framande organismar. Denne forskrifta er under utarbeiding.

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2012
Forskrifta gjeld frå 1. juli i år. Alle som ønskjer å plante utanlandske treslag til skogbruksformål, må søkje om løyve til dette. Forskrifta fører såleis ikkje eit forbod mot å bruka framande treslag til skogbruksføremål, men krev at tiltakshavar søkjer og får innvilga løyve til utsetjing på førehand.

Kvifor ny forskrift ?
Føremålet med den nye forskrifta er å forhindra og redusera uheldige følgjer utanlandske treslag kan få for det heimlege naturmangfaldet. Moglege negative følgjer skal vektleggast i søknadshandsaminga, og dersom utsetjinga vil ha vesentlege negative konsekvensar på naturmangfaldet, skal det ikkje gis løyve til utsetjing.

Plikt til internkontroll
Den som får løyve etter denne forskrifta, skal kunne dokumentera eit internkontrollsystem som sikrar at bestemmelsar og intensjonar i forskrifta vert etterlevd. Det må mellom anna lagast rutiner som sikrar ei god handtering av avvikssituasjonar. Internkontrollen skal kunna dokumenterast for ansvarleg myndigheit.

Fylkesmannen har ansvaret for oppfølgjing av forskrifta
Handsaming av søknader er delegert til Fylkesmannen. Søknadar må fremjast på fastsett skjema seinast to månader før utsetjinga tek til. Søknadsskjema og rettleiingsmateriell finn du i lenkene nedanfor.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.