Skogbruk

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.03.2021

Webinar for skogeigarar; praktisk bruk av skogbruksplanen

Me inviterar til kveldswebinar for skogeigarar den 18. mars med tema bruk av skogbruksplanen og programmet ALLMA. Skogbruksplanen er skogeigaren sitt viktigaste verktøy for å gjere gode prioriteringar og gjennomføre tiltak til rett tidspunkt på sin eigedom. 


Publisert 18.02.2021

Webinar for skogeigarar; Ungskogpleie – kvifor og korleis

Me inviterar til kveldswebinar med tema ungskogpleie torsdag 4. mars. Ungskogpleie er eit av dei mest lønsame tiltaka ein skogeigar kan gjera i skogen sin. Gjennom ungskogpleien blir tidlegare investeringar i forynging ivareteke, samtidig som ein legg til rette optimal produksjon og valmoglegheiter i framtida.


Publisert 05.02.2021

Økonomisk gevinst med skogfond

Bjørn Helge Bjørnstad frå Skogkurs var tydeleg på at det potensielt er gode økonomiske gevinstar å henta med riktige investeringar i skogfond under webinaret «Økonomisk gevinst med skogfond». God planlegging av dei framtidige investeringane på eigedomen din er nøkkelen for å utnytte fordelane med skogfond best mogleg.  


Publisert 03.02.2021

Framlegg til frivillig skogvern – Nag naturreservat i Strand kommune

Stasforvaltaren i Rogaland har sendt på høyring framlegg til frivillig skogvern for Nag naturreservat i Strand kommune.


Publisert 29.01.2021

Webinar for skogeigarar; Smart planting for optimal bruk av arealet

Me inviterar til kveldswebinar med tema planting torsdag 11. februar! Ved å plante skog sikrar du produksjon av tømmer og karbondbinding, økonomien på eigedommen og tilgong på fornybart råstoff i framtida. Dette er eit av dei viktigaste tiltaket du som grunneigar gjer i skogen.


Publisert 28.01.2021

Ein skog av bygg i tre i Rogaland

Bruk av tre som konstruksjonsmateriale har fått sin renessanse, også i Rogaland.


Publisert 14.01.2021

Webinar for skogeigarar; Økonomisk gevinst med skogfond

Me inviterer til kveldswebinar med tema skogfond torsdag 28. januar! Skogfond gir økonomiske fordelar og legg grunnlaget for vidare investeringar i skogen din. Skogkurs gir deg ei innføring i praktisk bruk av skogfondet!


Publisert 06.01.2021

Eig du skog? Få ein fagleg boost om forvalting av skogen din

Kva skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen? Fire korte kveldswebinarer gir deg som skogeigar fagleg påfyll dei neste månedane.


Publisert 04.01.2021

Det er tid for rapportering av juletresalet

Alt sal av juletre skal rapporterast til virkesdatabasen. Juletreprodusenten må sjølv rapportere sitt eige direktesal.


Publisert 15.12.2020, Sist endra 20.07.2021

Tema: Skogsdrift

Skogbruk er produksjon og hausting av ein fornybar ressurs gjennom hogst. Hogsten legg grunnlag for inntekt til skogeigaren, verdiksaping, sysselsetting, karbonbinding og produksjon av ei rekke produkter. Regelverket og sertifisering skal sørge for omsynet til miljøverdiar, kulturminne, friluftsliv og ei berekraftig utnytting av naturressursane.


Skogbruk i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.
 
To viktig mål er å medverke til at me har ein infrastruktur som sikrar ein effektiv og lønnsam hogst samtidig som ein omsyn til miljøet, og at skogen blir tilfredsstillande forynga etter hogst. Me er også ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi.