Stor verdiskaping i landbruket i Rogaland!

At landbruket i Rogaland er ei av dei viktigaste næringane i fylket blir stadfesta i ny rapport, og held posisjonen sett i høve til andre næringar. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 6,3 milliardar kr i 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2019

I ein ny rapport om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) berekna verdiskapinga frå jordbruket til å vere om lag 3 milliardar kr for 2017. Det er 2,4 prosent meir enn i 2014, rekna som bruttoprodukt. Det er Rogaland bondelag som har bestilt ny rapport frå NIBIO.

10 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri

Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6 310 årsverk, noko som er 109 årsverk lågare enn i 2014. Det betyr at færre bønder skaper meir verdiar, noko som betyr at bøndene i Rogaland blir meir effektive. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, er det for 2017 utrekna å vere 3 269 sysselsette. Estimert verdiskaping for denne industrien er på om lag 2,9 milliardar kr. Til saman er det nesten 10 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri. I tillegg kjem ytterlegare sysselsetting gjennom ringverknadane.

Mjølkeproduksjon – framleis ein motor i Rogalands-jordbruket

Mjølkeproduksjonen er svært viktig i Rogaland. Heile 45 prosent av verdiskapinga stammar frå Dagros. Dette er om lag på same nivå som i 2014, og vi ser faktisk litt auke i verdiskapinga i mjølkesektoren i alle regionar sett i høve til 2014. Landbruksdirektør Geir Skadberg meiner at dette er eit teikn på at politikken har effekt, at stimulering gjennom tilskotsordningar og mobiliseringsarbeid gjer at vi har stabil mjølkeproduksjon i heile fylket.

Svekka posisjon for sauehald

Sauehaldet har svekka sin posisjon vesentleg, med reduksjon i verdiskapinga frå 396 til 283 millionar kr. Sauen står nå for berre 9 % av samla verdiskaping. Til skilnad frå dei andre produksjonane så utgjer dei offentlege tilskota til sauenæringa meir enn marknadsinntektene. Svinehaldet har nå passert sauehaldet, med 12 % av samla verdiskaping. Resultatet både når det gjeld sau og svin er prega av marknadsutfordringar.

Verdiskapinga innan veksthusnæringa aukar mest

Veksthusnæringa styrkjer sin solide posisjon, og har tatt større del av den nasjonale produksjonen. Netto verdiskaping er utrekna til 342 millionar kr i 2017, og 98 millionar av dette er i kommunane som vil utgjere Nye Stavanger. Næringa utgjer nå 11 % av verdiskapinga i jordbruket, og har dermed passert både sau og fjørfe.

Kjøper varer og tenester for over 5 milliardar

Det som elles kjem fram av rapporten er at kostnader i jordbruket utgjer nesten 7 milliardar kr, og av dette utgjer kjøp av varer og tenester over 5 milliardar. Dette blir jo ikkje rekna med som verdiskaping i jordbruket, men gir sjølvsagt stor verdiskaping i heile fylket. Ikkje minst gjeld dette for våre distriktskommunar.

Skognæringa bidreg også

Bruttoprodukt for skogbruket er rekna ut til å vere 153 millionar kr, der produksjonen av juletre og pyntegrønt utgjer 72 millionar kr. Tømmer for sal utgjer 39 millionar kr. Ringverknader for skognæringa er også viktig.

Rapporten og kommunebilder finn du vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.