Stor investeringsvilje i landbruket

Finnøy, Vindafjord og Bjerkreim toppar lista for mjølkefjøs og det er etterlengta auke i søknader om støtte til foredling og reiseliv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2019

Torsdag 11. juni hadde vi eit nyttig dialogmøte i landbrukspartnarskapen, der Innovasjon Norge opplyste at det er stor etterspørsel etter investeringsmidlar.

Vi har til vanleg eit møte midt i året, mellom anna for å få presentert status frå Innovasjon Norge når det gjeld tildeling av investeringsmidlar. Dette møtet er nyttig for å sjå om vi treff i høvet til strategien, og for å skaffe oss eit godt grunnlag for prioriteringar framover mot 2020.

21 nye mjølkefjøs første halvår

Vårt oppdragsbrev er eit styringsdokument for målretta bruk av investeringsmidlane i Rogaland. Også for 2019 er det ei særleg prioritering av mindre mjølkefjøs (15-30 kyr) basert på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det er gledeleg å sjå at det framleis er auke i løyvingar innan denne målgruppa, og at mobiliseringa gir resultat. Og særleg gledeleg å sjå at viktige mjølkekommunar som Finnøy, Vindafjord og Bjerkreim toppar lista.

Tilleggsnæringar aukar mest

Vi fekk også informasjon om at det er ein markant auke i tal saker innan tilleggsnæringar, som til nå i år utgjer om lag 17 % av løyvingane og over 6 millionar kroner. Det er positivt at fleire nå satsar meir i nye retningar, basert på gardens ressursar.

Resirkulering av næringsstoff i veksthus får prioritet

Spørsmålet om å prioritere midlar til delfinansiering av miljøtiltak i veksthus blei drøfta. Det blei lagt fram tal for behov for midlar, og partnarskapen vil prioritere støtte til slike investeringar.

Søk nå dersom du skal få støtte dette året

Innovasjon Norge har brukt opp mykje av potten for 2019, noko som eigentleg er positivt. Dersom du har tankar om å få noko av potten dette året, må du vere raskt ute med søknad. Særleg om du har ei sak som treff godt i forhold til strategien.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar