NM i saueklipping og ullhandtering

4.–5. oktober breker det laust på Varhaug. Her får vi sjå verdas beste saueklipparar i aksjon, og store og små er velkomen til Varhaughallen. – Me er stolte over at tevlinga blir lagt hit, kvar femte sau kjem jo frå Rogaland, seier landbruksdirektør Geir Skadberg

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2019

Kva er meir logisk enn å leggje NM i saueklipping til Rogaland? Eit fylke med lange tradisjonar knyta til verdiskaping kring sauen, ikkje minst det å nytte resursane i utmarka. Det har også gjennom alle år vore eit viktig nærings- og kompetansemiljø knyta til det å nytte ulla frå sauen.

Nær 200 000 sau i Rogaland

I 2018 var det 197 347 vinterfôra sau fordelt på 2527 gardsbruk. Kvar femte sau i Noreg kjem frå Rogaland. Sauehaldet står for om lag 10 % av samla verdiskaping frå jordbruket i Rogaland, viser tal frå Verdiskapingsrapporten som er basert på 2017-tal. Alle sauebønder veit at verdiskapinga normalt er høgare, for 2017 var eit vanskeleg år med overproduksjon og låge prisar. Ting har heldigvis endra seg og marknaden er i betring. Samstundes kjem det fram av same rapport at sauehaldet står for heile 21 % av sysselsettinga i primærlandbruket.

Sau i alle kommunar

Der det er husdyr er det folk. For å seie det som det er - det er bøndene som er kjernen til at vi har matproduksjon og levande bygder i heile fylket. Naturen, jordbruksdrift og husdyra gir oss vakkert landskap ut mot havet, ned til fjorden og opp mot fjellet. Men, vi kan hente enda meir av fôrressursane frå beite og utmark.

Når Stavanger nå blir ny kommune saman med Finnøy og Rennesøy, blir dette landets største sauekommune. Det blir til saman over 21 000 vinterfôra sau i den nye kommunen, som då blir større enn Oppdal og Bjerkreim. Kva hadde det vakre kulturlandskapet på Rennesøy og Finnøy vore utan sauen, og kven kunne nytta dette kulturbeitet betre enn beitande sau?

Heiaføring ein viktig tradisjon

Den norske tradisjonen med å la dyra gå på utmarksbeite er meir unik enn vi ofte tenkjer over. Med stadig meir fokus på dyrehelse og dyrevelferd, vil auka bruk av utmarka vere ein av strategiane, og det å nytte areal utanom innmarka til beite er også viktig i eit klimaperspektiv. I dag blir om lag 20 % av sau og lam i Rogaland, 100 000 dyr, frakta til fjells på sommarbeite. 47 beitelag er i sving. Mange av desse har også eit stort innslag av storfe.

I samband med bruk av utmarka er heiaføringa noko spesielt; den århundrelange tradisjonen i Rogaland å føre sauen frå Jæren og kystområda til fjellområda i Rogaland, Agder og Telemark. Vi har historia, personlegdomane. Vi har sauebøndene, smalelaga og ikkje minst heiasjefane. Medan heiaføringa i Rogaland har overlevd og tilpassa seg nye tider, er ordningane i land lenger sør under sterkt press. Vi er særs glade for at Jærmuseet har laga ei eiga utstilling som dokumenter denne historia, og tek vare på og formidlar dette. Det er verd eit besøk.

Fylkesmannen støttar arrangementet

Vi har støtta NM i saueklypping og ullhandtering gjennom våre utviklingsmidlar. Dette vil marknadsføre klypparyrket, landbruksnæringa og Jæren på ein god måte. Arrangementet, og spesielt standen «Småfe treng stell og omsorg», vil skape ein viktig arena for å bygge kompetanse i eit godt etablert fagmiljø og dyrke fram nyttige relasjonar. Overføring av kunnskap og tradisjonar er viktige element for å halde oppe den store saueproduksjonen og det sterke produsentmiljøet vi har i Rogaland.

Ei vital og ressurssterk sauenæring bidrar til aktiv og fornuftig bruk av naturgjevne ressursar og livskraftige bygder. Både grovfôrbasert kjøtproduksjon, kompetansebygging og rekruttering har høg prioritet i den regionale landbruksstrategien.

Lykke til med arrangementet!

Meir info om arrangementet finn du her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.