Ønsker du betre tilgang til matmarknaden? Bli merkebrukar!

Det handlar kort og godt om å få fram den unike smaken i produkta og å skilje seg ut.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.08.2019

Steg 1

Start med å registrere deg og dine produkt i portalen www.lokalmat.no. Det gjer det enklare for deg som produsent, fordi du blir meir synleg for potensielle kjøparar. I tillegg samlar du alt av dokumentasjon som kjøpar og styresmakter krev på ein stad. Det er enkelt og effektivt for deg å oppdatere eigen profil og å fortelje historia som får deg til å skilje deg ut og selje meir.

Kven kan registrere seg på Lokalmat.no?

Produsentar av mat- og drikkevarer med ein lokal identitet, særeige opphav eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Produsenten legg sjølv inn sin profil, men må godkjennast av Matmerk før informasjonen publiserast.

Steg 2

Søk om merke hos Matmerk som forvaltar tre merke; Nyt Norge, Spesialitetsmerke og Beskytta betegning. Her omtaler vi dei to siste.

Spesialitetsmerket

Spesialitet er eit offisielt informasjonsmerke som tildelast den beste lokalmaten og -drikken. Merket skal løfte fram lokalmat og -drikke med særlege kvalitetar og gjere den enkel å finne i butikken.

Spesialitet garanterer at maten eller drikken er:

  • Basert på dei beste norske råvarene
  • Laga etter særeigne, gjerne lokale oppskrifter
  • Laga av dyktige mathandverkarar
  • Vurdert og godkjent av ein uavhengig fagjury med høg matfagleg kompetanse

På bakgrunn av merkebrukarundersøkingar samt Matmerk sin tette dialog med verksemdene, meiner Matmerk at verksemdene som har merke aukar omsetnaden og får betre lønsemd.

Ut over merket sin verdi i seg sjølv, har Matmerk ein totalkompetanse som er tilgjengeleg for verksemdene som får merket. Dette omhandlar rådgiving og sparring rundt produkt, sal, kundeoppfølging, emballasje og design og ikkje minst kommunikasjon med vekt på sosiale media.

Spesialitetsmerket gir auka merksemd og drahjelp til marknadsføring av produkta via auka omtale av produkta.  Omtala får særleg tyngde da det er ein uavhengig fagjury som står for vurderinga. Det største for enkeltprodusentane er kanskje det å bli anerkjent for høg kvalitet.

Beskytta betegning

Beskytta betegning er ei merkeordning for Noregs matskattar, som sikrar juridisk vern mot kopiering og juks med råvarer. Denne er meir omfattande og krev ein del ressursar.

Bli inspirert

Gjer som Elisabeth Grønvik og søk om merke.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.