Og prisen går til Reve kompost!

Reve kompost har gjort handtering av organisk avfall til solid business. I dag fekk dei Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for sitt arbeid. – Dei bidreg til sirkulærøkonomi i praksis, seier juryleiar og leiar av Innovasjon Norge i Rogaland, Kari Holmefjord Vervik.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2020

Det starta med ønsket om å forbetre sandjorda på garden som ligg heilt ved sjøen. I dag har Reve kompost eit topp moderne anlegg der dei komposterer ulike fraksjonar av organisk avfall. Frå 2004 har dei har bygd opp ei bedrift der heile familien bidreg.

Dei kan vise til ein sterk og jamn økonomisk vekst sidan oppstarten. Juryen, der mellom anna landbruksdirektør Geir Skadberg deltok, fortel at Reve kompost scorar høgt på alle kriteria som ligg til grunn for BU-prisen, men at dei la vekt på sirkulærøkonomi og den miljømessige effekten bedrifta gir. På heimesida til Innovasjon Norge kan de lese meir om saka.

 

 

Meir om Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå landbruks- og matdepartementet. Prisen går til ei bedrift som har etablert ein vellykka bedrift eller næring med basis i ressursane i landbruket og i bygdene. Vinnaren av prisen i Rogaland får 50 000 kr, og går vidare i kampen om den nasjonale prisen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.