Nytt servicebygg ved Borestranda opna

Parkeringsplassen på Bore strand er oppgradert, og i denne veka blei det opna eit nytt bygg med toalett og dusj som toler vêr og vind.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.05.2019

Servicebygget på Bore er eit av fleire prosjekt som kjem på strekninga Nasjonale turistveg Jæren. I 2020 skal det kome ein utkikksplass på Hårr og eit servicebygg på Refsnes. Madland hamn og Brusand står for tur i 2022 og 2024.

Nasjonal turistveg Jæren går frå Ogna til Bore, og er ein av 18 utvalde strekningar i Noreg som går i spesielt flott landskap. Ved vegane skal det byggast servicebygg og rasteplassar, og opplevingar skal forsterkast med kunst, arkitektur eller anna som bidreg til turistnæringa. Den andre Nasjonale turistvegen i Rogaland er Ryfylkevegen, som går frå Oanes til Røldal i Hordaland. Her finn du mellom anna den nedlagte gruva Allmanajuvet og Svandalsfossen.

Like ved dei nye innretningane på Bore, har Boretunet nyleg starta opp. Det er brukt brakkar frå industrien for å reise bygget. Dei tilbyr utleige av leilegheiter for opptil fem personar. 

Boretunet tilbyr overnatting like ved stranden. (Foto: Annabell Pfluger)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.