Invitasjon; MAD-konferansen

Forbrukarane vil ha meir lokalprodusert mat. På konferansen 29. april på Moi vil du få lære meir om kundefokus og salskanalar.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2019

Lokalmat sel! Men korleis?

Kva for triks og kanalar kan vi bruke for å skape lønsemd, effektiv distribusjon og eit breidt utval? Og kva fungerer «eigentleg»?

Konferansen vil ha inspirerande føredrag og gode diskusjonar heile dagen. Du vil i tillegg få treffe den verdskjende kokken Charles Tjessem og bonden bak Stølsvidda.

Vi ønsker matentusiastar frå heile Rogaland og Agder velkomen til Moi 29. april 2019 kl 0900 - 1700. Stasjonsveien 5, 4460 Moi.

På heimesida til Mad 2019 kan du lese meir om konferansen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.