Kven skal få heidersprisen for 2019?

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.08.2019

Ved vurdering av kandidatane blir det lagt vekt på kriteria nedanfor:

  • har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet
  • har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland
  • har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag
  • er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet
  • har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus
  • har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode
  • har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust

Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk.

Både enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar.

Frist for å kome med forslag er sett til 02.desember 2019. Forslag skal sendast til Rogaland  landbruksselskap, postboks 59 sentrum, 4001  Stavanger eller på e-post til roing@fylkesmannen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.