Flyttar skulehuset tilbake til start

Skulehuset på Litlahamar skal demonterast og flyttast til Mokleiv der det opprinneleg stod.
Skulehuset på Litlahamar skal demonterast og flyttast til Mokleiv der det opprinneleg stod. Foto: Eirik Moe.

Eirik Moe i Mokleiv er med i satsinga på utvalde kulturlandskap (UKL) i Suldal kommune. Med støtte frå UKL-midlane har arbeidet med å flytte eit gamalt skulehus frå Litlehamar til Mokleiv starta. Målet er å bevare skulehuset i den krinsen det var bygd for, og nytte bygget mellom anna som informasjonssenter for UKL-Suldal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.12.2020

I Suldal kommune sin kulturminneplan står det at «Skulen står sterkt i bevisstheita til folk, og historia til skulen og utviklinga mot stadig større sentralisering er ei interessant historie. Skulehus kan også nyttast til andre ålmenne føremål i kommunal regi t.d. som informasjons-punkt langs Nasjonal turistveg Ryfylke og/eller til tilknyting til særleg verdfulle kulturlandskap».

Skulehuset er nå demontert og skal setjast opp identisk slik det sto. Moe nytter lokale handtverkarar som er spesialistar på gamle byggemetodar til arbeidet. Gjenreising, ferdigstilling og rigging av inventar, museum og formidling skjer våren og sommaren 2021.

Moe meiner at formidling er viktig for UKL. Med dette bygget på plass sentralt i Mokleiv vil ein få ei god ramme for formidling om natur og kultur. Skulehuset vil óg bli nytta til kunstprosjekt, litteraturformidling, lokalhistorie, utvandrarhistorier - og som skulemuseum. Med beitedyr og god skjøtsel av landskapet vil heilskapen av verdiane i kulturlandskapet i Mokleiv bli godt synleg for ålmenta.

 

Takskifer og murstein frå pipa vert gjenbrukt.
Takskifer og murstein frå pipa vert gjenbrukt. Foto: Eirik Moe.
Kvar planke blir nummerert under demonteringa.
Kvar planke blir nummerert under demonteringa. Foto: Eirik Moe.
Skulehuset blir demontert bit for bit.
Skulehuset blir demontert bit for bit. Foto: Eirik Moe.
Den nye grunnmuren på Mokleiv.
Den nye grunnmuren på Mokleiv. Foto: Eirik Moe.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.