Osten Rabben er snart klar

Fleire ostar ligg klar for modning i hyllene hjå Ryfylke gardsysteri. Joar og Hilde Hauge gler seg til jul for då er osten deira klar for sal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.10.2020

Ein time aust for Stavanger, gjennom verdas lengste undersjøiske tunnel og vidare til Hetlandsbygd i Hjelmeland, ligg det nyaste ysteriet i Ryfylke, Ryfylke gardsysteri. Ystaren Joar Hauge starta i slutten av september å yste ein upasteurisert fastost av mjølk frå garden.

Fersk og kortreist mjølk

Kyrne vert mjølka om morgonen og mjølka renn ved hjelp av tyngdekrafta rett opp i ystekaret der det vert tilsett ein bakteriekultur. Deretter går prosessen sin gang og etter kvart vert det ein fast/halvfast ost av det. Denne skal lagrast om lag 3 månader før den er klar for sal.

Ferdigstiller eiget gardsutsal

Medan ystekona Hilde Hauge og ystaren sjølv Joar Hauge ventar på at osten skal modnast, gjer dei gardsutsalet ferdig. Her skal både osten og yoghurten som dei skal lage seljast til fast- og fritidsbuande i Hjelmeland, samt andre som kjem innom. Osten skal i tillegg seljast på Jokerbutikken på Fister og gjennom Reko-ringen. Nokre restaurantar har også vore interessert. Det er mogleg det kan bli ein Reko-ring i Ryfylke òg?

Landskapet opphav til namnet

Osten har fått namnet Rabben etter ein grushaug der ysteriet står i dag. Tidlegare har det òg blitt mjølka på Rabben. Bror til farfaren til Joar mjølka her for om lag 50 år sidan, kyrne gjekk på beite og vart mjølka. Mjølka vart lagt i ei kjelde før ho vart køyrt til Nessakrossen der mjølkebilen venta. No vert det igjen mjølka på Rabben, men denne gongen vert det laga ost også. Og fleire ostar kan det bli.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.