Lokal mjølkeforedling står for viktig verdiskaping

Gardsmeieria i Norge leverer kvalitetsprodukt og gir norske forbrukarar eit større produktmangfald å velje blant. Tilbakemeldingane på produkta er jamt over gode og dei får rimeleg stor blest i media. Fleire blir inspirerte til å satse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2021

Til dagleg er Geir Skadberg landbruksdirektør hjå Statsforvaltaren i Rogaland. Nyleg fekk han seg litt «aleinetid» til djupdykk i eit tema han lenge har ønska å studera, nemleg «lokal mjølkeforedling med hovudfokus på gardsosten». Kvifor gardsost?  – Jo, eg kan for lite om denne næringa i dag, og ikkje minst trur eg næringa vil veksa. Også i Rogaland, seier Skadberg.

Ein ting er å byggja eigen kunnskap. Studiet har også resultert i ein liten rapport som de finn vedlagt. Rapporten gir deg ikkje innføring i sjølve faget; om det å produsera gode meieriprodukt basert lokal mjølk. Rapporten omhandlar i hovudsak om to tema; kunnskap om import og forbruk, om regelverket for lokal mjølkeforedling og om mjølkeprodusentane og dei lokale foredlingsforetaka. Det andre teamet er refleksjonar kring forretningsmodellar. Mellom anna om val av føretaksform og viktigheita av samarbeid.

Vekstpotensiale for lokale mjølkeprodukt

I 2020 foredla gardsmeieria i Norge 0,24 prosent av total foredla kumjølk i Norge og 5,7 prosent av geitemjølka. Sånn sett bør det vere stort vekstpotensiale for lokale mjølkeprodukt. Samla sett er dagens situasjon for gardsmeieribransjen positiv. Produsentane er dyktige og har gode etterspurde produkt. Og bransjen er mangfaldig, både med tanke på føretaka sin storleik, produktmangfald og val av marknadskanalar.  Ein viktig og forståeleg variasjon. Handverksmessig lokalforedling er kunnskapsintensiv og ein viktig suksessfaktor for næringa framover er at det blir lagt til rette for kompetansemiljø med nok kapasitet. Her snakkar vi både om kunnskap til dei som skal starta opp, dei som er i næringa og utdanning av fagfolk som skal rekrutterast inn i næringa.

Les Geir Skadberg sin studierapport Lokal melkeforedling med hovedfokus på gardsosten (pfd 3MB) 20.oktober i år arrangerer vi eit webinar med dette som tema.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.