AVLYST! Invitasjon til Urfe-samling

Avlyst på grunn av koronan. Urfe SA inviterer til fagsamling på Moi hotell i Rogaland 27. - 28. november. Her får du solid fagleg påfyll med blanding av teori og to gardsbesøk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2020

Seminaret handlar om bevaringsverdige kuraser og tema er økonomi og fôring i mjølk- og kjøtproduksjonen, samt to gardsbesøk. Målsettinga med samlinga er å inspirere eksisterande og nye produsentar til å auke tal mordyr og oksar, auke bruken av beiting, og å bygge nettverk.

Program og påmelding

Pris for seminar : 400,- kr pr pers. Inkluderer lunsj fredagen

Overnatting kr 1290,-/ 990,- pr pers for enkelt-/dobbeltrom

Påmelding innan 13.november til ola@olahammer.no  eller tlf 91609081

NB! Atterhald om avlysning pga covid-19

Ekstensiv drift

Fleire av dei verneverdige storferasane er utryddingstrua og det er Norsk genressurssenter (NIBIO) som har det overordna ansvaret for vern og berekraftig forvalting av nasjonale husdyrrasar. Kjøt frå urfe blir promotert som eksklusivt kjøt frå dei seks norske, verneverdige mjølkeferasane. Det blir drive ein meir ekstensiv drift i denne produksjonsforma enn i konvensjonell mjølk- og kjøtproduksjonen, med meir bruk av gras og høy i fôrrasjon og mindre bruk av kraftfôr.

Unik kjøtkvalitet

I følge NIBIO veks bevaringsverdige storferasar 200 – 300 g saktare per dag enn Norsk rødt fe. Dyr som veks saktare har tynnare og finere muskelfibrer, og meir intramuskulært fett enn dei som veks raskt. Det blir arbeida aktivt med å bygge opp buskap. Mordyra blir derfor eldre enn vanlege mjølkekyr. Både det at dyra veks saktere og at kyrne blir eldre, verkar positivt inn på kjøtkvaliteten.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.