Digitalt sal av mjølkekvotar

Den digitale løysninga skal gjera det enklare, tryggare og raskare å selje mjølekvotar.

Den nye digitale løysinga for mjølkekvoteordninga blei lansert 25. mars 2021. No er den digitale løysinga operativ og det kan for fyrste gang gjennomførast ei ordinær salsrunde for mjølkekvotar digitalt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2021

Enklare, tryggare og raskare

Den digitale løysinga erstattar papirarbeidet kvoteeigarane hadde ved sal av mjølkekvote. All registrering kan no skje digitalt. I følgje seksjonssjef i Landbruksdepartementet, Olav Sandlund, vil den nye løysinga gjera arbeidet med sal av mjølkekvotar enklare, tryggare og raskare.

Meir informasjon om den digitale salsprosessen finn du under Sal av grunnkvote- Landbruksdirektoratet.

Usikkerheit om mengda omsetning av mjølkekvote for 2021

I 2019 fekk Landbruksdirektoratet inn 609 søknadar om sal av kumjølkekvote. I 2020 var omsetninga stor på grunn av ein ekstraordinære oppkjøpet av staten av kumjølkekvote. Då valde 435 kvoteeigare å selja mjølkekvota. Sandlund tykkjer det er vanskeleg å seie korleis dette vil verka inn på den ordinære salsrunda for 2021.

Landbruksdirektoratet meldar om at minst 40 prosent av den mengda kvoteeigaren vil selje, må seljast til staten for 4,00 kroner per liter. Men det er mogleg å selje heile grunnkvota til staten.

Endra forskrift

I mai 2021 blei forskrifta om kvoteordninga for mjølk endra. Det er mellom anna gjort klart kven som er aktuelle tredjepartar, og dette inneber at det ikkje blir henta inn samtykkje frå leigetakarane. Landbruks- og matdepartementet skriv at «forvaltningen ikke kan ta på seg et ansvar for at private avtaler mellom eier av kvote og foretak som disponerer kvote overholdes. Avtaler om disponering av melkekvote må anses som et privatrettslig anliggende mellom utleier og leietaker.» Meir om endringa i forskrifta kan du lese ved å følgja denne linken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar