Stadig meir leigejord i jordbruket

Grønnsaksdyrking på leigejord i Stavanger.
Grønnsaksdyrking på leigejord i Stavanger. Foto: Anfinn Rosnes.

I følgje ferske tal frå SSB har del leigejord av jordbruksareal i drift tredobla seg sidan 1969. Rogaland har logisk nok lågast del leigejord, med ein snitt på 36 % i 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2021

Tala er henta frå ei ny publisering frå SSB si nettside. Det totale jordbruksarealet i drift har halde seg relativt stabilt i perioden.  

Rogaland har lågast del leigejord

Vi kan elles lese av tala at Rogaland har lågast del leigejord, med ein snitt 36 prosent leigejord. Dette er logisk sidan Rogaland er eit særs aktivt jordbruksfylke, med omfattande husdyrhald og kamp grovfôrgrunnlag og spreieareal. Mykje leigejord gir normalt lenger avstand mellom driftssenter og jord i drift. Det er meir krevjande å frakte grovfôr og husdyrgjødsel over lange avstandar enn det t.d. er i typiske korndistrikt.

Leigeprisen har stige

SSB har også lagt ut informasjon om variasjon og utvikling av leigeprisar for jord. Her kan vi m.a. sjå at leigepris for jord til grasdyrking er klart høgast i Rogaland. Areal til grønsaker har høgast pris, og her skil Rogaland seg ikkje ut på same måte.

Bruksstruktur og leigejord bør meir på dagsorden

Vår erfaring er at kommunane i liten grad har ei aktiv rolle når det gjeld godkjenning av leigekontraktar, og vurderer om avtalen gir ein god driftsmessig struktur slik det er lagt opp til i regelverket. Vi vil nå gjere ei spørjeundersøking mot kommunane om dette, og har planar om å presentere resultatet frå undersøkinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.