Viktige endringar i konsesjonslova, odelslova og jordlova

Onsdag 21. juni blei lovendringar i konsesjonslova sanksjonert av Kongen i Statsråd. Endringane i reglane om priskontroll ved erverv av reine skogeigedomar trer i kraft 1. juli i år. Endringane i heving av arealgrensene for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord, endringer i konsesjonsplikta ved erverv av ubebygde tomter og endring i reglane om driveplikt trer i kraft 1. september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2017

Stortinget behandla regjeringa sitt forslag om endringar i eigedomslovgivinga i landbruket tysdag 13. juni. Endringane er:

  • arealgrensene for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eigedom, buplikt og odlingsjord blir heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  • reglane om priskontroll blir endra slik at skogeigedomar utan jordbruksareal (reine skogeigedomar) blir unntatt frå priskontroll ved konsesjonsbehandling.
  • reglane om priskontroll ved erverv av "bebygde" eigedomar med både jord og skog blir endra, slik at det som er avgjerande for om det er priskontroll er om eigedomen har over 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  • lovteksten i jordlova skal presisere at driveplikta gjeld i heile eigartida. For driveplikt som blir oppfylt ved bortleige blir vilkåret om at eigedomen må leigast bort som tilleggsjord til annan landbrukseigedom oppheva. Vidare vil det kome fram av lovteksten at eigaren har ei plikt til å sende kopi av leigeavtalen til kommunen.
  • regelen i konsesjonslova om unntak frå konsesjonsplikt for ubebygde enkelttomter for bolig og fritidshus under 2 dekar blir endra slik at den òg gjeld for naust.
  • regelen i konsesjonslova om føresetnad for konsesjonsfridom for ubebygd tomt blir oppheva.
  • det blir innført ein heimel i jordlova som gjer at vedtak om tilbakebetaling av tilskot blir tvangsgrunnlag for utlegg.

Eit fleirtal i Stortinget har ut over dette bedt regjeringa greie ut konsekvensen av ei vidare liberalisering av konsesjonsplikta utover dei lovmessige endringar som no er vedtatt for reine skogeigedomar.

Sjå heile saksganga her.

Oversikt over tal eigedomar unntatt konsesjonsplikt og lovbestemt buplikt i kvar einskild kommune kan du finne i vår tidlegare nettartikkel.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.