Kva slags eigedommar er unntatt konsesjonsplikt, buplikt og priskontroll etter lovendringa?

Onsdag 21. juni blei det bestemt at det skulle bli gjort endringar i blant anna arealgrensa for konsesjonsplikt og buplikt, og reglane for priskontroll, som no er trått i kraft. Under følger ei oversikt over endringane. I høgre marg finn du dei nye rundskriva.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.08.2017

Kva slags eigedommar er det priskontroll på no?

Ved erverv av eigedommar som skal nyttast til landbruksføremål, skal forvaltninga vurdere om den avtalte prisen tar omsyn til ein samfunnsforsvarleg prisutvikling i samband med konsesjonsbehandlinga. Frå 1. juli 2017 er reglane om priskontroll endra. I tabellen under finn du ei oversikt over kvifor nokre eigedommar forvaltninga skal gjere priskontroll på. På gardskart kan du finne ut kor mykje jord og skog ein eigedom har. Du kan òg spørje kommunen.

Priskontroll

Unntatt priskontroll

 

Eigedom utan jordbruksareal eller produktiv skog

Eigedom utan bygningar som ikkje er ein rein skogeigedom

Reine skogeigedommar uavhengig av arealstorleik med bygningar eller ikkje på eigedommen

Eigedom med bygningar med meir enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord

Eigedom med bygningar der det er mindre enn 35 dekar fulldyrka jord og overflatedyrka jord

 

Eigedom med eit brukbart bustadhus, med meir enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord og kjøpesummen er under ei 3,5 mill. kroner.

 

Kva slags landbrukseigedommar er det konsesjonsplikt på?

Den 1. september 2017 blei reglane for når ein kan erverve «bebygde» eigedommar utan konsesjon endra. Konsesjonsgrensa er nå heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Ut over denne hevinga, så er føresegna som før. Det betyr at eigedommen sitt totalareal i tillegg ikkje må overstige 100 dekar for at eigedommen skal vere unntatt konsesjon.

I tillegg til søknadar om konsesjon etter 1. september, vil endringa gjelde i konsesjonssaker som ikkje er endeleg avgjort 1. september 2017. Ei sak er endeleg avgjort dersom klage ikkje er mottatt innan klagefristen er gått ut, eller når moglegheita til klage etter forvaltningslova er brukt, og forvaltninga har fatta ei avgjerd i klagesaka.

Nokre praktiske døme på eigedommar med konsesjonsplikt:

  • Eigedommen er 94 dekar og har bygningar. Den har 12 dekar fulldyrka jord, og 15 dekar overflatedyrka jord. Ervervet er konsesjonsfritt fordi eigedommen totalt er mindre enn 100 dekar, og fordi den har mindre enn 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord.
  • Eigedommen er 110 dekar og har bygningar. Den har 16 dekar fulldyrka jord og 14 dekar overflatedyrka jord. Ervervet er konsesjonspliktig fordi eigedommen er over 100 dekar.
  • Eigedommen  er 80 dekar og har bygningar. Den har 25 dekar fulldyrka jord, og 17 dekar overflatedyrka jord. Ervervet er konsesjonspliktig fordi eigedommen har over 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. 

Kva slags eigedommar er det buplikt på?

Den 1. september 2017 blei reglane for når ein har buplikt etter konsesjonslova § 5 endra. Nå er  arealgrensa for buplikt heva frå 25 til 35 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord. Ut over denne hevinga, så er føresegna som før. Det betyr at kravet om lovbestemt buplikt på eigedommar med meir enn 500 dekar skog er uendra.

Endringa gjeld òg buplikt på eigedommar som blei erverva før 1. september 2017. Endringa vil òg gjelde dei som har fått vilkår om buplikt etter konsesjonslova § 11 ved konsesjonsbehandlinga fordi eigar ikkje skulle oppfylle buplikta etter § 5.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Fakta

Som rein skogeigedom reknast eigedommar utan jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite).

«Bebygd» eigedom betyr at det må vere ein bygning på eigedommen. Det er ikkje avgjerande kva bygningen skal tene til. Eigedommen blir sett på som «ubebygd» dersom bygningen er ubrukeleg pga. alder eller forfall. Det same gjeld dersom det berre er gjort førebuing til bygging slik som graving og utsprenging.