Tida er forbi der vi nyttar god fulldyrka jord til arealkrevjande bygg for handel

Det er inga skam å snu. Tvert om, innleiar Fylkesmann Lone M. Solheim og landbruksdirektør Geir Skadberg i sitt debattinnlegg i Jærbladet tidlegare i dag. Les heile innlegget her.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2020

Det er med interesse Fylkesmannen registrerer stort engasjement rundt jordvern, aktualisert med eit særs godt jordbruksareal ved Re/Svertingstad i Time. I Randaberg er det alt tilbakeført om lag 400 dekar potensielt utbyggingsområde til jordbruksføremål. Det er svært positivt på at det nå er eit lokalt engasjement rundt jordvern.

Fylkesmannen har vore involvert

Det aktuelle området i Time blei første gong peikt på som aktuelt byggeområde i kommuneplanen for perioden 2011–2022. I den første høyringa (september 2010) hadde vi motsegn til å bruka området til byggeføremål. Vi framheva at det ikkje var behov for arealet i den aktuelle planperioden. Etter drøftingar blei det semje om likevel å ta med arealet som byggeområde, med ein meir langsiktig tidshorisont. Ti år etter ser vi at arealreservane er langt større enn det vi såg føre oss den gongen. Slik sett burde vi teke opp spørsmålet om å ta ut det aktuelle byggeområdet i samband med revisjon av kommuneplanen i 2019.

Regionalplanen er eit viktig fundament

I den første regionalplanen, Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, vedteken i oktober 2000, blei det sett ei langsiktig grense kring mange viktige tettstader i planområdet. Dette skulle vere ei absolutt grense for tettstadutvikling, og denne har i stor grad blitt respektert i over 20 år. Grensa blei trekt i område som skulle vere lett å forstå, langs ein veg eller eit vassdrag.

Ved Bryne blei grensa plassert langs fylkesvegen i vest og vidare i den nye ringvegen i sør. Det er ikkje slik at alt areal på tettstadsida av grensa er akseptert for utbygging, særleg i område som ligg perifert frå sentrum eller frå høgverdig kollektivtilbod. Det er i ettertid gjort justeringar av grensa fleire stader, og fleire kommunar vurderer å ta ut byggeområde. Randaberg har til dømes teke ut om lag 400 dekar potensielt utbyggingsområde ved Grødem.

Vi har i samband med den pågåande revisjonen av Regionalplan Jæren peikt på at kommunane må vurdere å ta ut byggeområde i kommuneplanen. Det er store arealreservar i regionen, også ut over komande kommuneplanperiodar.

Over 8000 dekar jordbruksareal er plukka ut som byggeområde i kommuneplanar, men som ennå ikkje er regulert. I tillegg er det opp mot 5 000 dekar jordbruksareal på tettstadsida av langsiktig grense som framleis ikkje er peika ut som byggeområde.

Arealet på Re/Svertingstad er av dei beste jordbruksareala i regionen. Med dagens kunnskap, og nye føringar for jordvern, er det aktuelt å ta opp spørsmålet om tilbakeføring til jordbruksføremål både her og andre stader.

"Tida er forbi der vi nyttar god fulldyrka jord til arealkrevjande bygg for industri eller handel med parkeringsplassar på bakkeplan"

Strengare jordvern

Det er frå nasjonalt hald ein tydelegare bodskap om å ta vare på dyrka jord. Målet er stramma inn til maksimalt 4000 dekar nedbygging i året, mot tidlegare 6000. I Regional jordvernstrategi (vedteken juni 2019) er det sett eit eige mål for Rogaland på maksimalt 400 dekar i året, og mykje av dette vil måtte gå med til veg og jernbane. Elles er det gitt klare føringar for arealutnytting.

Tida er forbi der vi nyttar god fulldyrka jord til arealkrevjande bygg for industri eller handel med parkeringsplassar på bakkeplan, eller til einebustader. Vi ser gjerne at området Re/Svertingstad blir vurdert på ny ved neste revisjon av kommuneplanen, med mål om tilbakeføring til jordbruksføremål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.