Nasjonal jordvernpris 2021 - kandidat frå Rogaland?

Det er utbyggingspotensiale i byen.
Det er utbyggingspotensiale i byen. Foto: Anfinn Rosnes.

Statsforvaltaren ønskjer forslag til kandidatar frå Rogaland som fortener nasjonal jordvernpris 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.02.2021

Føremål og målgruppe

Stortinget vedtok i 2015 ein nasjonal jordvernstrategi, og strategien blei oppdatert av regjeringa i samband med stasbudsjettet 2018. Eit av tiltaka i jordvernstrategien var å etablere ein nasjonal jordvernpris. Vi har elles nyleg fått eit tydeleg jordvernbrev på statsrådane Olaug Bollestad og Nikolai Astrup.

Statsforvaltaren er utfordra om å sende kandidatar frå eige fylke til Landbruks- og matdepartementet innan 1. april i år. Departementet skriv mellom anna følgjande på si nettside:

«Jordvernprisen skal framheve og motivere til nyskapende tiltak og planer, som legger godt til rette for at kommunene i mindre grad omdisponerer dyrka mark og finner gode alternativ i planleggingen.»

Korleis føreslå kandidat?

Statsforvaltaren i Rogaland ønskjer grunngjeve forslag til kandidat. Kandidatar må vere kommune eller fylkeskommune (eventuelt i samarbeid med andre aktørar) som du meiner fortener årets jordvernpris.

Forslag må bli sendt oss innan onsdag 17. mars.

Statsforvaltaren vil vurdere innkomne forslag og fremje ein kandidat frå Rogaland til den nasjonale jordvernprisen 2021. Dette vil bli vektlagd:

  • Konkrete, oppnådde resultat
  • Ambisiøse, planlagde tiltak
  • Gode informasjonsprosjekt
  • Nyskapande prosjekt og verktøy for jordvern
  • Integrering av jordvernomsyn i ulike prosessar
  • Andre forhold som tilseier at jordvern blir prioritert høgt

Sjå elles statuttane i høgremargen.

Forslag kan sendast elektronisk til:

sfropost@statsforvalteren.no med kopi til fmroaro@statsforvalteren.no   

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.