Massefyllingar og jordforbetringstiltak – kva regelverk til kva tid?

I dei fleste tilfella er det ikkje særleg tvil om eit tiltak skal vurderast som ei massefylling eller som eit jordforbetringstiltak, men det finst gråsoner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.01.2021

Saka blei første gang publisert januar 2018.

Plan- og bygningslova (pbl) § 20-1 viser kva tiltak som krev søknad og løyve etter dette regelverket. I bokstav k i den nemnte føresegna er det slått fast søknadsplikt for vesentleg terrenginngrep. Lovteksten indikerer ein viss terskel for at eit terrenginngrep skal vere søknadspliktig, men gir ikkje særleg rettleiing utover dette.

Om påføring av massar skal reknast som eit vesentleg terrenginngrep med søknadsplikt etter plan- og bygningslova må gjerast ut frå ei totalvurdering av høgd og utstrekning på fyllinga.

Kommunane bør nøye vurdere søknadsplikt for påfylling av masser som råkar areal på over 1 dekar. Ei slik føring har ei viss støtte i etablert forvaltningspraksis og harmonerer også godt med definisjonen av bakkeplanering i forureiningsforskrifta.

Det vil ofte også vere sannsynleg at tiltak som strekk seg over eit areal på meir enn 1 dekar vil kunne råke interesser som plan- og bygningslovgivinga skal ivareta, til dømes landskaps- og naturverdiar, kulturminne, trafikksikkerheit og anna. Viktige interesser vil naturleg skjerpe innslagspunkt for søknadsplikten.

Dispensasjon

Terskelen for å krevje søknad etter pbl. ved fylling av masser er med andre ord ikkje særleg høg. Skiljet mellom massefyllingar og jordforbetringstiltak i plan- og bygningslovsvurderinga kjem derfor gjerne mest på spissen ved spørsmålet om tiltaket krev dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen. Nødvendige landbrukstiltak er i tråd med LNF-føremålet og krev ikkje dispensasjon frå dette, medan massefyllingar fell utanfor LNF-føremålet og krev dispensasjon.

Ved vurderinga av om eit prosjekt er ei jordforbetring eller massefylling, må kommunane ta ei konkret vurdering frå sak til sak med utgangspunkt i søknaden. Det vil kunne finnast krevjande grensetilfelle. Eit generelt utgangspunkt må likevel vere at dersom det skal førast på meir masser enn det som er nødvendig for sjølve jordforbetringa, må tiltaket vanlegvis reknast som ei massefylling. Dersom det derimot ikkje skal førast på meir masser enn det som er nødvendig for sjølve jordforbetringa, og prosjektet blir gjennomført utanfor vekstsesongen, må tiltaket vanlegvis reknast som eit landbrukstiltak etter plan- og bygningslova.

Krav om behandling etter sektorlovverk

Sjølv om eit tiltak skal reknast som eit jordforbetringstiltak i tråd med LNF-føremålet, fritar ikkje det for ordinær søknadsbehandling etter pbl., nødvendige avklaringar etter kulturminnelova eller søknadsbehandling etter andre relevante sektorlovverk. Til dømes kan jordforbetringstiltak etter omstenda krevje behandling etter nydyrkingsforskrifta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.