Jordbruksoppgjeret 2021 er landa av Stortinget

Stortinget har behandla og vedteke regjeringa sitt forslag til jordbruksoppgjer for 2021–2022. Jordbruksoppgjeret gjeld løyvingar over statsbudsjettets kap. 1150, som i sum blir på 16,9 milliardar kroner i 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2021

Det blei som kjend brot i oppgjeret, og det blei difor ikkje forhandla fram ein avtale med næringsorganisasjonane. Etter debatt i Stortinget den 16.juni, med fleire framlegg til endringar, blei regjeringa sitt forslag vedteke. Vi viser til proposisjon 200 S (2020-2021) for meir informasjon.

Størst auke i direkte tilskot 

Direkte tilskot utgjer nå totalt 9 566 mill. kr, og det er vedteke ein auke på 324 mill. Eksempelvis er beitetilskot auka med 27 mill., og tilskot til husdyr aukar med 75 mill. Dette slår godt ut for husdyr- og beitefylket Rogaland.

Klar miljøprofil

Oppgjeret har elles ein auke på 238 mill. innan klima og miljø, og vi har særleg merka oss styrkinga av Regionalt miljøprogram (RMP) med 50 millionar for utbetaling i 2022. Det er lagt til  grunn at tilbod om klimarådgiving blir innført i alle fylke. Miljøvenleg gjødselspreiing er også framheva som viktig tiltak. Det er lagt inn 3 mill. ekstra for støtte til bruk av husdyrgjødsel i biogassanlegg. Vi i Rogaland tek dei nye føringane inn i vårt arbeid med RMP fram mot 2022.

Eige utval skal sjå på inntektsutviklinga

Det har vore ein god del diskusjonar om dagens system med modellbruk gir eit godt nok bilete av inntektsutviklinga i jordbruket. Nå er det bestemt at det skal setjast ned eit utval som skal sjå på om det kan vere betre system for dette. 

Ny jordvernstrategi vedteken saman med jordbruksoppgjeret

Som vedlegg 4 til jordbruksoppgjeret finn vi forslag til ny Nasjonal jordvernstrategi, og dette fekk også fleirtal i Stortinget.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.