Ferske tal for 2019 om inntekt i jordbruket

God fyrsteslått allereie i mai.
God fyrsteslått allereie i mai. Foto: Fylkesmannen i Rogaland.

I følgje ferske tal frå drifsgranskingar er det store biletet at jordbruksåret 2019 var betre enn 2018, men samstundes blir det registrert nedgang i inntekt for mjølkebønder i Agder og Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2020

Nye tal er henta frå driftsgranskingane, ei undersøking som omfattar om lag 1000 modellbruk. Driftsgranskingane dannar grunnlaget for referansebruka, som eit viktig del av grunnlaget for jordbruksforhandlingane. Meir informasjon finn du på nettsida til NIBIO.

Best lønnsemd på Jæren

Jordbruksinntekta på Jæren viser positiv utvikling etter to krevjande år med fukt og tørke, men også her er det nedgong for mjølkebønder. Nedgongen for mjølk skuldast mest auke i kostnader.

Stor variasjon mellom bruk

Vår vurdering er at driftsgranskingane gir nyttig informasjon om utviklingstrendar, samstundes er det viktig å vere merksame på utval av 156 bruk frå Agder og Rogaland er frå område med stor variasjon i drifstilhøve. Vi har til dømes nøkkeltal frå rekneskaplaga som gir eit noko betre bilete for aktuelle delar av Rogaland, eksempelvis frå Jæren og Dalane.

Håp og tru på betre tider

Vi får håpe og tru at dei gode avlingsåra i 2019 og 2020 gir positivt utslag i jordbruksinntekta ved neste høve. Og at andre faktorar, som meir fokus på kortreist mat, også peikar i same retning.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.