Store strukturendringar i Europeisk mjølkeproduksjon

Framtidas krav til dyrevelferd gjer at "alle" vel lausdrift i nye fjøs. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Auka konkurranse fører til større mjølkebruk og færre mjølkeprodusentar i Europeiske land. I Austerrike går trenden motsett veg, og deira kvalitetsstrategi er ein av grunnane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.07.2021

I Noreg er vi godt kjent med at tal mjølkebesetningar går ned samstundes som mjølkebruka blir større og produserer meir mjølk. I Europa rapporterer landbruksråd ved den norske EU-delegasjonen i Brüssel, Magnar Sundfør, om at mjølkeproduksjonen i EU har hatt ei auke dei siste 10 åra, og det er forventa liten auke fram mot 2030.

Fleire faktorar spelar inn på endringa vi ser i mjølkeproduksjonen. Høge kostnadar, ny teknologi, endra kosthald hjå forbrukarar og nye krav til hald av dyr gjer at bonden i Europa må gjera eit val for å halda tritt med utviklinga.

Strukturendringar i mjølkesektoren

Mjølkeproduksjonen har endra seg ulikt mella land som Sverige, Finland, Austerrike og Noreg. I Sverige og Noreg har mjølkeproduksjonen gått ned med høvesvis 15 prosent og 18 prosent sidan 1995. Årsaka er i stor grad knytt til auka import av meieriprodukt og mange produsentar har slutta med mjølkeproduksjon. Finland har hatt ein stabil utvikling i mjølkeproduksjonen, mens Austerrike har hatt ei auke dei siste 10 åra med heile 18 prosent.

Felles for desse landa er at dei har hatt ein stor nedgang i tal mjølkebruk frå 1995 til 2019. Sverige og Finland merkar seg ut med ein nedgang på over 80 prosent. Austerrike og Noreg har ein nedgang om høvesvis 62 prosent og 68 prosent. Sundfør fortel at utviklinga kjem til å fortsette i desse landa i komande år. Tabellen i artikkelen visar utviklinga i tal mjølkebruk i Sverige, Finland, Austerrike og Noreg frå 1995 til 2019.

Korleis møte framtidas konkurranse i mjølkesektoren

Store skilnadar mellom landa i EU gjer konkurransen krevjande basert på ulike produksjonsforhold og kostnadsnivå. I 1995 fekk mjølkeproduksjonen i Sverige, Finland og Austerrike store utfordringar då dei blei medlem av EU. For å komma konkurransekrafta i møte valde Sverige og Finland å etablera større mjølkebruk for å redusera kostnadane. Austerrike valde ei anna strategi med fokus på kvalitet. 

Dyrevelferds- og kvalitetsstrategi

Dyrevelferd blir stadig viktigare i mjølkeproduksjonen i EU. Det er førebels inga felles krav til lausdrift i konvensjonell mjølkeproduksjon i EU, men det er eit grunnleggjande krav nasjonalt i mange medlemsland. Difor vel «alle» som byggjer nytt, større fjøs lausdrift. Som Noreg, har Sverige og Finland høge krav til miljø og dyrevelferd. Sverige og Finland håper at dette skal vera til fordel i framtida då dei andre EU-landa må gjera større investeringar for å tilfredsstilla framtidas krav til dyrevelferd.

Austerrike er i ein særstilling då naturgitte forhold gjer andre forutsetningar for mjølkeproduksjon samanlikna med EU-land med flat topografi som Tyskland, Danmark og Nederland. Austerrike har utvikla ein kvalitetsstrategi der 20 prosent av mjølkeproduksjonen er økologisk og 20 prosent mjølkeproduksjonen er produsert utan kraftfôr. Tiltaka gjer at mjølkeavdråtten per ku er lågast i Austerrike samanlikna med Sverige og Finland. Likevel har kvalitetsstrategien gitt betre mjølkeprisar nasjonalt og ved eksport.

Konsekvens av strukturendringa

For å kome konkurransekrafta i møte vel mange land å redusera kostnadane ved å etablera stordrifter. Ein konsekvens av dette er at land som Sverige og Finland har svært få små mjølkebruk. I følgje rapporten kan det bli 2000 - 3000 mjølkebruk att i desse landa.

Austerrike har hatt suksess med sin kvalitetsstrategi. Dette har resultert i at landet framleis har mange små mjølkebruk og har klart å halde oppe ein høg mjølkeproduksjon sidan 1995. Kvalitetsstrategien til Austerrike har resultert i høg eksport til land med høg betalingsvilje hos kvalitetsbevisste forbrukarar.

Kjelde: Regjeringen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.