Stor interesse for kjøp av mjølkekvote for ku i Rogaland

Stor etterspurnad av mjølkekvote i kombinasjon av få som sel, gjer at få produsentar får kjøpe kvotemengda dei har søkt om.

Det er stor interesse for kjøp av mjølkekvotar for ku frå staten i 2021, og få produsentar får kjøpe heile kvotemengda dei har søkt om. Årsaka knyttast til prisen for kvotemjølk frå staten som er lågare enn marknadspris og at få produsentar vel å selja mjølkekvota.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.10.2021

Sal av mjølkekvote i 2021 til staten og privat

Tal i frå Landbruksdirektoratet viser at det på landsbasis blei selt kvotar tilsvarande 10 millionar kumjølk i 2021, der 4 millionar av desse blei selt til staten og 6 millionar blei selt privat. Høgast sal av mjølkekvote hadde Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. I Noreg er det registrert 11 483 eigedomar med grunnkvote. 107 av desse selte kvota si noko som utgjer 0,9 prosent av eigedomane.

I Rogaland blei det selt om lag 1 million liter mjølkekvote i 2021. Fordelinga mellom sal til staten og privat er høvesvis 400 000 og 600 000 liter kumjølk. I Rogaland er det 1819 eigedomar med grunnkvote, og i 2021 selde 10 av desse kvota noko som utgjer 0,5 prosent.

Graf over sal av kumelkkvote i perioden 2011 - 2021. Henta frå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/nyhetsarkiv/stor-interesse-for-melkekvote-fra-staten
Graf over sal av kumelkkvote i perioden 2011 - 2021. Henta frå https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/nyhetsarkiv/stor-interesse-for-melkekvote-fra-staten Foto: Landbruksdirektoratet.

Kjøp av mjølkekvote for ku frå staten i 2021

På landsbasis søkte 3125 produsentar om å få kjøpe 224 millionar liter kumjølkekvote av staten i 2021. Sidan det berre var 4 millionar kvoteliter til sals, resulterte dette i at produsentane fekk kjøpe 1,8 prosent av den totale mengda som blei søkt om.

Interessa for å kjøpe mjølkekvote for ku av staten har vært spesielt stor i Nordland og Rogaland, og få har fått kjøpe heile mengda som blei søkt om. I Rogaland blei det selt 400 000 liter kumjølk til staten som blei fordelt på 735 kjøparar, noko som ga 555 liter ekstra i mjølkekvote til kvar.

Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, forklarar den store interessa for kjøp av mjølkekvote for ku med at det er fem år sidan det var mogleg å kjøpe kvote frå staten til lågare pris enn marknadspris. Samstundes blei det solgt mykje mjølkekvote for ku i 2019 og 2020 som er årsaka til at færre sel i 2021.

Viktig informasjon til kjøpare av kvote

Hugs å betala fakturaen for kvotekjøp innan 26. oktober 2021 som kjem i Altinn!

Dersom du ikkje betalar innan fristen fell tilbodet om kjøp av mjølkekvote bort.

Meir om kjøp og sal av mjølkekvotar kan du lese på Landbruksdirektoratet sine nettsider. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.