Bioenergisatsing i Rogaland – sirkulærøkonomi i praksis

Det er eit stort potensiale for å legge om til fornybar oppvarming i større varmesentralar og i driftsbygningar til kylling, smågris og veksthus. Difor blir det satsa vidare på gardsvarme i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2021

Rogaland har dei siste 10 åra realisert mange flisbaserte varmeanlegg, både gardsvarmeanlegg og større varmesentralar. Langsiktig og målretta arbeid over tid gir gode resultat. Framover ser vi eit stort potensiale  for å legge om til fornybar oppvarming i energikrevjande produksjonar som kylling, smågris og veksthus. Dette er sirkulærøkonomi i praksis og bakgrunnen for at det blir satsa vidare på gardsvarme i Rogland.

Verdiskaping som varmar

I Rogaland er det no registrert totalt 56 biobrenselanlegg, og tilført energi frå lokalt skogsvirke er oppe i 45 GWh. Det er ei auke på 35 GWh frå 2011. 45 GWh varme svarar til 2250 einebustader med 20 000 KWh. Energibehovet utgjer om lag 24 000 m3 (fast) virke av lågaste kvalitet. Råstoffverdien er på om lag 5 millionar kroner, og med ein straumpris i gjennomsnitt på 80 øre/KWh tek ein ut verdiar for 36 millionar kroner årleg frå den delen av tømmerstokken med minst verdi og dårlegast kvalitet.

Over tid er det etablert eit profesjonelt produksjons- og leverandørapparat av flis i Rogaland. Deira kapasitet er vesentleg høgare enn etterspurnaden, og det er mogleg å utvide leveransane. Flis-/energiprisen for flis levert i silo hjå kunden ligg i dag i området 27 – 33 øre/kWh. Til samanlikning er prisen på naturgass omkring 60 – 70 øre/kWh.

På mange gardsbruk er bioenergi eit godt alternativ for oppvarming i energiintensive produksjonar, og det er eit stort potensiale for fleire anlegg. Dette gjeld særleg innan produksjon av kylling, smågris og veksthus, der forbruket av energi frå straum, naturgass og propan til oppvarming i dag utgjer omkring 200 GWh.

Prosjektsatsing basert på kompetanse og direktekontakt

I 2018 starta Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Statsforvaltaren i fylka Rogaland og Vestland ei felles satsing for å informere og initiere meir bruk av bioenergi basert på lokalt skogsvirke i jordbruksproduksjonar. Satsinga ynskjer vi no å vidareføre i minst to nye år.

Prosjektleiar med lang erfaring, god kompetanse og direktekontakt med bøndene har vore alfa og omega i den fyrste prosjektperioden. Rådgivaren treff bonden gjennom informasjonsmøte med omvising i eksisterande gardsvarmeanlegg, og ein-til-ein rådgiving på gardsnivå. Bonden får ein forenkla forstudie som inkluderer vurderingar om forbruk, råstoffbehov og investeringskalkyler. Vurderingane kan bonden bruke direkte inn i ein søknad om investeringsstøtte, noko som bidreg til å senke terskelen for å ta kontakt med Innovasjon Norge.

Bioenergi til oppvarming i offentlege bygg

Det offentlege har ein særskilt moglegheit for å vere med å danne grunnlag for lokal varmeproduksjon gjennom å velgje oppvarming med fornybar energi i sine eigne bygg. Stor bygningsmasse, innkjøpskraft og sentral plassering av bygga gjer at etablerte anlegg i mange tilfelle kan utvidast til anna bygg eller legge grunnlag for etablering av nærvarmenett. Rogaland fylkeskommune og kommunane Eigersund, Sandnes, Karmøy og Vindafjord visar allereie veg ved å følgje opp sine eigne klima- og energiplanar og å konvertere til fornybar energi i eigne bygg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar