Innovasjonskonferansen 2021

Dato:
22. april 2021 09:00 - 13:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Kommunane, KS, UiS, Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
politikarar, kommunale leiarar og rådgivarar som arbeider med innovasjon og digitalisering, andre med interesse for utvikling og effektivisering av offentleg sektor gjennom innovasjon
Påmeldingsfrist:
8. april 2021 23:59

Er du politikar, leiar i kommunen, eller rådgivar for innovasjon og digitalisering?

Er du interessert i å utvikla og effektivisera offentleg sektor?

La deg inspirera av gode døme på kommunalt innovasjonsarbeid!

Publisert 16.02.2021

Innovasjonskonferansen i Rogaland har blitt ein møteplass for kommunane for å fremma innovasjon og nyskaping.

Gitt utviklinga av koronsituasjonen i landet har vi bestemt å gjera Innovasjonskonferansen 2021 til ein knakande god digital konferanse.

Konferansen har som mål å gi inspirasjon og dele gode døme på kommunalt innovasjonsarbeid. Årets tema er Innovasjon - den nye normalen?

Nokon smakebitar frå årets program:

Er kommunane verkeleg rigga for å møte framtida?
Victor Norman, samfunnsøkonom, skribent og politikar.

Ein innovativ offentleg sektor, er det viktig og nødvendig – og kva må til?
Hanne Cecilie Bjørka, KMD.

Av og til nyttar det ikkje med dei små skritta. Om radikal innovasjon.
Therese Sivertsen, spesialrådgivar, KS.

Kva kommune ønsker eg meg?
Harald Birkevold, innbyggar og politisk kommentator i Stavanger Aftenblad.


Vi deler nokre gode innovasjonsdøme frå kommunane. Konferansier er Eirik Bergesen, politisk kommentator og satirikar.

For påmelding, klikk på lenke til høgre under Påmelding KS Vest-Noreg.

Dato:
22. april 2021 09:00 - 13:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
Kommunane, KS, UiS, Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
politikarar, kommunale leiarar og rådgivarar som arbeider med innovasjon og digitalisering, andre med interesse for utvikling og effektivisering av offentleg sektor gjennom innovasjon
Påmeldingsfrist:
8. april 2021 23:59