Webinar for skogeigarar; Smart planting for optimal bruk av arealet

Dato:
11. februar 2021 19:00 - 20:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Skogkurs
Målgruppe:
Skogeigarar og andre med interesse for skogbruk

Me inviterar til kveldswebinar med tema planting torsdag 11. februar! Ved å plante skog sikrar du produksjon av tømmer og karbonbinding, økonomien på eigedommen og tilgong på fornybart råstoff i framtida. Dette er eit av dei viktigaste tiltaket du som grunneigar gjer i skogen.

Publisert 29.01.2021

Dette er det andre webinaret i ein serie på fire korte kveldswebinar som gir deg som skogeigar innføring i grunnleggande skogtema. Denne gongen er temaet planting og kvifor god forynging er så viktig. Riktig kunnskap gir deg eit god utgangspunkt for å oppnå god produksjon, klimaeffekt og økonomi i framtida.

Mathis Lunde frå Skogkurs gir oss ein gjennomgang om planting og tek oss gjennom følgjande punkter:

  • Kvifor plante (utnytting av areal, karbonbinding, sertifisering og lovverk)
  • Tilpassing av hogstform til forygingsform
  • Planter (krav til planter, velgje riktig plantetype og planteproduksjon)
  • Planting (plantetidspunkt, planteplass, planteredskap)
  • Suppleringsplanting (plantefeltkontroll, skader på forynging, supplering)
  • Hjelpetiltak (markberedning, grøfting, flaterydding og plantevernmidler)

Program

18:50 – 19:00  

 Pålogging

 

19:00 – 19:05

Velkomen, køyrereglar for dette møtet

Geir Gudmestad, Statsforvaltaren i Rogaland

19:05 – 20:05 

Kvifor plante? Val av riktig tidspunkt, plante og plantestad

Mathis Lunde, Skogkurs

20:05 – 20:20

Innspelsrunde, spørsmål og tilbakemeldingar

 

 

Du melder deg på webinaret i skjeamet under. Den øvre grensa for antall deltakerar er 250 personar, og påmeldinga vil stansast om me når denne grensa.

Me sender ut link med tilgong til arrangementet til dei påmeldte dagen i forvegen. Hendinga er gratis. 

Gjennom våren vil det kome fleire webinar retta mot skogeigarar om kva som skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på eigedomen. Sjå oversikten over komande kveldswebinarer her.

Vel møtt til ei fagleg vitamininnsprøyting i vintermånedane! 

 

Påmelding webinar om planting 11. februar

Dato:
11. februar 2021 19:00 - 20:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Skogkurs
Målgruppe:
Skogeigarar og andre med interesse for skogbruk