Stavanger, Sandnes og Sola får ekstra tilskot frå staten i 2020 som følgje av høg arbeidsløyse

Stortinget har løyva 250 millionar kroner til kommunar med arbeidsløyse over snittet. I Rogaland kjem tilskotene til Nord-Jæren og kommunane Stavanger, Sandnes og Sola. Dei tre kommunane får til saman 28,32 mill. kroner. Pengane er gitt for at kommunane skal bruke dei til å kompensere lokalt næringsliv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.12.2020

Stortinget vedtok denne ekstra løyvinga den 19. desember 2020, jf. Innst. 180 S (2020-2021), sjå lenkje. Det er dei hardast ramma kommunane som har fått eit auka økonomisk armslag slik at dei kan gi kompensasjon til lokalt næringsliv som er ramma av pandemien og lokale smitteverntiltak.

By Mill.kr. Folketal per 1.1.2020 Heilt ledige i pst. av arbeidsstyrken Faktor
(del av midlar)
Stavanger 16,25 143 574 4,3 6,50 %
Sandnes 9,00 79 537 4,1 3,60 %
Sola 3,07 27 153 4,5 1,23 %

Arbeidsløysa er i snitt 3,9 pst. for alle kommunar i landet. Pengane blei utbetala til kommunane den 22. desember 2020.

Pengane inngår i rammetilskotet, og er difor formelt sett frie pengar for kommunane. Dei føringane som er for bruk av pengane står i Innst. 180 S (2020-2021) frå finanskomiteen i Stortinget:

"Komiteen mener de verst rammede kommunene bør tilføres et økonomisk handlingsrom til å kunne gi kompensasjon til lokalt næringsliv som rammes av pandemien og lokale smittevernstiltak. Komiteen foreslår derfor å tilføre kommunesektoren 250 mill. kroner fordelt til kommuner med arbeidsledighet over landsgjennomsnittet. Komiteen understreker behovet for at pengene kommer raskt ut til de aktuelle kommunene, og forutsetter at kommunene følger regelverket for offentlig støtte."

Stortinget har vedtatt rammetilskotet for kommunar for 2021 og endringar i rammetilskotet for 2020

Stortinget har gjort alle dei siste endringane i rammetilskotet til kommunane for 2020 og endringar i rammetilskotet for 2021, samanlikna med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har laga ei sak som samanfattar alt som er gjort av endringar i nysaldert budsjett 2020 og saldert budsjett 2021, sjå lenkje.  

 

(Denne saka er oppdatert 6. januar 2021.)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.