Samla sett har kommunane i Rogaland framleis ein god økonomi

Førebelse KOSTRA-tal for 2020 syner at kommunane i Rogaland samla hadde eit netto driftsresultat i 2020 på 3,8 % av brutto driftsinntekter, mot 2,4 % for landet utan Oslo. For Rogaland er dette lågare enn for 2019, men for fleire enkeltkommunar er netto driftsresultat betydeleg høgare enn i fjor. Dei økonomiske nøkkeltala viser at dei fleste kommunane i Rogaland har klart seg greitt økonomisk gjennom koronaåret 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.04.2021

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er framleis lågare for Rogaland samla enn for landet utan Oslo. Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter har falle litt samanlikna med i fjor, men er høgare enn for landet utan Oslo. Dette syner at kommunane i Rogaland samla sett har ein god økonomi ved inngangen til året, og at dei har handlefridom og reservar i møte med framleis krevjande tider.

Det er nytta konserntal, det betyr at både tal frå kommunale føretak (KF) og interkommunale selskap (IKS) er med. Dette gjer det mogleg å samanlikna tala uavhengig av korleis kommunen er organisert.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat er eit uttrykk for den handlefridomen som kommunane har. Eit positivt driftsresultat over tid gjer ein berekraftig kommuneøkonomi med middel til disposisjon til investeringar og til reservar.

Høgast netto driftsresultat i 2020 hadde Utsira, Hjelmeland og Tysvær, medan Bokn og Randaberg hadde dei svakaste driftsresultata. Berre ein kommune hadde negativt driftsresultat i 2020, og heile 19 kommunar hadde netto driftsresultat over TBU si generelle tilråding på minimum 1,75 %. 14 av kommunane hadde høgare netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter for 2020 enn for 2019.

Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter i 2019 og 2020 går fram av tabellen nedanfor: 

Kommune

2019

2020

Landet utan Oslo

1,5

2,4

Rogaland

4,3

3,8

Bjerkreim

-0,4

5,6

Bokn

8,2

0,9

Eigersund

1,8

4,1

Gjesdal

1,3

1,6

Haugesund

5,0

2,1

Hjelmeland

3,1

7,9

3,0

6,2

Karmøy

4,3

4,1

Klepp

3,8

4,9

Kvitsøy

0,8

3,7

Lund

-1,9

2,8

Randaberg

0,0

-0,3

Sandnes

0,5

2,6

Sauda

4,6

3,7

Sokndal

3,7

3,9

Sola

5,3

4,1

Stavanger

7,8

4,4

Strand

0,4

2,2

Suldal

9,9

5,6

Time

1,7

1,7

Tysvær

5,4

6,5

Utsira

6,8

9,1

Vindafjord

1,7

5,8


Netto lånegjeld

Førebelse tal for netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er for 2020 noko høgare enn for 2019, med 81,3 % for Rogaland og 94,5 % for landet utan Oslo. Fire kommunar har netto lånegjeld over 100 %. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for 2019 og 2020 går fram av tabellen nedanfor:

Kommune

2019

2020

Landet utan Oslo

91,2

94,5

Rogaland

79,7

81,3

Bjerkreim

42,7

37,9

Bokn

126,9

107,7

Eigersund

77,8

92,7

Gjesdal

101,2

101,5

Haugesund

70,9

63,0

Hjelmeland

72,7

71,6

85,5

84,0

Karmøy

62,3

57,8

Klepp

61,0

68,1

Kvitsøy

55,3

51,9

Lund

74,9

72,5

Randaberg

124,5

124,0

Sandnes

94,9

95,5

Sauda

81,3

82,1

Sokndal

78,1

62,4

Sola

91,8

90,5

Stavanger

73,3

78,6

Strand

92,3

107,4

Suldal

37,8

33,9

Time

91,4

95,6

Tysvær

91,4

97,6

Utsira

60,5

59,9

Vindafjord

63,2

59,2

 

Disposisjonsfond

Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter er for fylket lågare enn i fjor, frå 14,9 % til 13,6 %. Dette er høgare enn for landet utan Oslo. Sjå tabell under. Disposisjonsfond er ein oppspart reserve som kommunestyrane kan nytte fritt til både drift og investering, med unntak av disposisjonsfond knytt til IKS'er.

Kommune

2019

2020

Landet utan Oslo

11,0

11,8

Rogaland

14,9

13,6

Bjerkreim

11,2

12,7

Bokn

27,6

25,9

Eigersund

15,1

19,1

Gjesdal

9,8

9,9

Haugesund

8,3

8,9

Hjelmeland

10,7

18,6

15,9

17,3

Karmøy

12,7

13,3

Klepp

10,7

15,1

Kvitsøy

28,5

30,5

Lund

3,9

6,2

Randaberg

7,6

6,1

Sandnes

13,9

12,5

Sauda

11,8

17,0

Sokndal

16,4

20,3

Sola

11,0

11,3

Stavanger

19,8

13,6

Strand

11,7

12,2

Suldal

32,7

33,4

Time

5,1

6,6

Tysvær

21,5

24,3

Utsira

15,9

22,5

Vindafjord

9,9

18,3

 

Viktig å prioritere rapportering til KOSTRA

Tala over er førebelse tal for 2020. Kommunane skal i desse dagar gjere ei kvalitetssikring tala i KOSTRA og revidere tala innan 15. april 2021 til SSB.

Rapporteringa for 2020 gir oss eit godt bilete av kommuneøkonomien under koronapandemien. Derfor er det ekstra viktig no at kommunane gjer ei kvalitetssikring av egne tal og rapporterer inn det dei finn av feil.

Dei førebelse tala viser at kommunane i Rogaland har greidd seg godt økonomisk gjennom pandemien i 2020, betre enn ein frykta for eitt år sidan. Dette stemmer overeins med funna  i Sluttrapport for 2020 om økonomiske konsekvensar av covid-19-situasjonen for kommunesektoren, som viser at kommunesektoren i stor grad er kompensert for sine koronarelaterte meirkostnader i 2020. Dette gjeld kommunesektoren som heilskap, og det kan derfor vere enkeltkommunar som ikkje er tilstrekkeleg kompenserte. 2021 kan òg utvikle seg annleis enn 2020, når kommunane skal ta tak i oppgåver som vart utsette frå 2020. Statsforvaltaren vil derfor fortsette å ha dialog med kommunane om den økonomiske situasjonen og utviklinga.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.