Svært god skatteinngang i landet, svakare i Rogaland.

Når mange kommunar nå melder om gode resultat for 2016, er ei viktig forklaring at 2016 var eit svært godt skatteår. Kommunane i Rogaland hadde  svakast skattevekst av fylka i fjor, men dei får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2017

Tal for skatteinngangen i kommunane i 2016 ligg nå føre. Det var forventa ein inngang på 8,7 % i oktober, men resultatet for landet blei 9,8 %. For Rogaland var veksten berre 4,0 % og lågast av fylka. Slik var det også i 2015, medan det vanlege tidlegare år har vore større vekst enn landet. Kommunane i fylket får likevel del i skatteveksten for landet gjennom inntektsutjamninga. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk ned i 2015 og 2016. 

Frå Finansdepartementet har det vore operert med desse vekstoverslaga for 2016 (i høve til inngangen i 2015, mill. kr og vekst i %):

 

Mill.kr

%

Rekneskapstal 2015

136 598

 

Statsbudsjettet 2016 - 7.10.15

144 800

6,0

Komm.prp. 2017 - 11.5.16

145 375

6,4

Statsbud. for 2017 - 6.10.16

148 475

8,7

Rekneskapstal 2016

149 814

9,8

 

I statsbudsjettet for 2017, budsjettproposisjonen for KMD, har ein denne forklaringa på den gode skatteinngangen:

«Bakgrunnen er ekstraordinært store uttak av utbytter til personlig skattytere for inntektsåret 2015, som trolig skyldes tilpasninger i forkant av skattereformen fra 2016. Det gir økt skatt på alminnelig inntekt, som deles mellom kommuner, fylkeskommuner og staten».

Ein kan dermed ikkje rekna med tilsvarande vekst i 2017.

Størst vekst i 2016 hadde Forsand, Bjerkreim og Strand, men berre dei to første hadde meir enn landet. Svakast utvikling hadde Sauda og Utsira. Ofte vil sterk vekst eitt år følgjast av svakare vekst det neste.

 

Vekst i 2016 %

Vekst i 2015 %

Vekst i 2014 %

Vekst i 2013 %

Vekst i 2012 %

Vekst i 2011 %

Skattenivå 2016 i % av landet (100)

Eigersund  

3,9

-1,0

8,8

13,9

3,4

-5,2

97,4

Sandnes

4,4

2,9

4,3

10,2

9,2

-3,4

105,5

Stavanger 

2,6

3,2

0,5

6,7

8,7

0,2

132,7

Haugesund

3,8

4,1

0,1

8,8

8,4

-2,7

92,4

Sokndal

5,2

3,7

-0,4

9,0

7,5

-3,6

85,5

Lund

4,7

2,4

3,0

5,7

8,5

-10,4

76,8

Bjerkreim

10,5

3,5

1,0

8,3

12,2

-3,4

90,6

Hå            

7,1

2,8

4,4

7,3

11,6

-4,7

87,6

Klepp

7,5

1,2

3,4

11,8

7,0

-0,6

98,0

Time   

8,2

3,3

2,7

11,9

8,3

-2,0

100,1

Gjesdal

5,8

4,0

4,0

8,0

9,8

-2,6

91,1

Sola

2,6

7,5

5,3

11,7

6,4

2,3

131,6

Randaberg

3,0

1,8

4,6

11,4

8,5

-0,9

114,9

Forsand

11,1

2,8

3,9

3,1

7,8

-4,9

149,3

Strand   

9,4

1,7

3,3

10,0

7,7

-3,7

91,4

Hjelmeland

3,1

5,9

-0,3

2,5

7,0

-2,3

120,1

Suldal

4,2

5,0

-0,6

-0,2

3,8

-0,4

125,8

Sauda

-16,4

5,7

-1,2

25,5

-4,2

-6,1

83,0

Finnøy

7,9

0,5

2,4

10,0

11,4

5,9

93,1

Rennesøy

8,0

5,5

3,0

9,9

11,0

3,1

109,7

Kvitsøy

0,8

5,1

-0,3

9,1

2,7

1,0

83,5

Bokn

3,6

-0,7

2,8

4,8

12,5

1,3

81,5

Tysvær

3,3

3,6

2,9

5,4

7,3

0,9

84,1

Karmøy

4,9

3,4

3,4

7,5

5,1

-6,2

85,1

Utsira

-11,5

-0,2

-2,0

-1,5

2,7

-2,7

79,7

Vindafjord 

7,2

2,5

-13,1

17,2

8,4

0,7

95,5

Rogaland

4,0

3,3

2,1

8,8

8,0

-1,6

108,7

Landet

9,8

6,0

1,9

5,7

6,8

-3,2

100,0

Rog. u. Stvgr.

4,7

3,4

3,0

9,9

7,7

-2,6

100,0

 

Nivået for fylket når det gjeld skatteinntekt (inkl. selskapsskatt t.o.m. 2008) pr. innbyggjar viser følgjande utvikling: (% av landet)

2016

2015

2014

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

108,7

114,5

117,9

118,3

115,8

114,8

113,6

113,1

115,2

115,5

111,6

105,9

105,0

Rogaland har oftast hatt betre skatteinngang enn  landet. Dette har samanheng med høgare folketilvekst, dels også at personinntektene har auka meir enn landet. I 2015 og 2016 auka skatteinntekt pr. innbyggjar mindre enn landet. 9 av kommunane ligg over landssnittet mot  12 i 2015 og 13 året før.

Inntektsutjamningsordninga i rammeoverføringa jamnar ut skilnader i skatteinntekter mellom kommunar. Kommunar med skattenivå over snittet for landet blir trekt i rammeoverføringa og kommunar som ligg under landsnivået får eit tillegg. For fylket er samla nivå for skatt og inntekts-utjamning på 102,5 % av landsnivået i 2016. Samla sett er kommunane i fylket ein bidragsytar i denne ordninga, men «bidraget» blei redusert noko i 2016, til 833 mill. kr, frå  1 211 mill. i 2015 og  1 395  mill. i 2014. 16 av kommunane tener på ordninga, dvs. dei som har lågare skatteinntekt pr. innbyggjar enn landssnittet, i 2015 var tilsvarande tal 13 og i 2014 var det 10.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.