Ny kommunaløkonomisk statistikk

Kommunane kom relativt gunstig ut resultatmessig i 2015, men lånegjelda nærmar seg landsnivået.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2016

Konjunkturane ser ut til å gjera noko større utslag for i Rogaland enn landet under eitt og 2015 blei spådd til å vera et vanskeleg år for kommunane i Rogaland grunna redusert aktivitet i oljesektoren. Høgare skatteinntekter enn venta på hausten gav likevel kommunane eit nokolunde bra resultat, sjølv om veksten i Rogaland var lågare enn landet.

Hovudbiletet for fylket samla er at handlefridomen (netto driftsresultat) har henta seg inn etter år med relativt låg vekst, og er nå på det høgaste nivået sidan 2007. Samstundes auka gjeldsgraden og nivået på investeringar meir enn landet.

Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2015 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport (sjå under Dokument i høgremenyen). Vi har i år i hovudsak sett på konserntal, og også tatt med eit avsnitt om sertifikatlån.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.