Lågare folketilvekst i 2016

I 2016 som året før auka folketalet i Rogaland mindre enn landet. Tidlegare har det vore ein lang periode med større vekst enn landet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.02.2017

Rogaland hadde 0,4 % vekst i folketalet i 2016, mot 0,9 % for landet. For 2015 var tilsvarande tal 0,8 og 0,9 %. I 2014  var veksten 1,5 % og året før 1,7 %, medan landsauken begge desse åra var 1,1 %.

Folketalet auka med 1 849  personar til  472 024. Størst relativ vekst var det i Kvitsøy med 1,9 % (10 personar) og Strand med 1,6 %.

 Kommunevise tal (gruppert etter vekst i 2016).

 

01.01.2017

% siste år

% siste 5 år

% siste 10 år

endr.innb. siste år

Kvitsøy

534

1,9

2,9

1,3

10

Strand

12 662

1,6

9,8

18,8

198

Randaberg

10 873

1,3

5,9

14,4

136

18 800

1,1

9,0

24,7

209

Tysvær

11 041

1,1

7,0

16,1

116

Sauda

4 760

1,1

0,1

0,6

50

Sandnes

75 497

0,9

11,3

24,8

677

Rennesøy

4 892

0,7

11,5

38,7

36

Haugesund

37 166

0,6

5,9

15,1

215

Forsand

1 245

0,6

4,6

12,9

7

Utsira

201

0,5

-7,8

-6,1

1

Lund

3 259

0,5

2,4

4,5

16

Vindafjord

8 828

0,5

4,5

8,8

40

Time

18 656

0,5

11,3

24,0

84

Finnøy

3 235

0,4

9,5

21,1

14

Gjesdal

11 902

0,4

10,4

23,7

49

Klepp

19 042

0,4

7,3

24,7

72

Karmøy

42 229

0,1

4,2

10,1

42

Sokndal

3 316

0,1

1,8

1,5

3

Stavanger

132 729

0,1

4,1

13,1

85

Bjerkreim

2 826

0,0

3,2

12,7

1

Eigersund

14 899

-0,3

2,9

9,6

-43

Sola

26 016

-0,3

9,0

25,9

-80

Hjelmeland

2 708

-1,1

-3,5

0,0

-29

Bokn

855

-1,2

0,5

7,8

-10

Suldal

3 853

-1,3

0,2

-0,5

-50

Rogaland

472 024

0,4

6,5

16,7

1 849

Rogaland u. Stvgr.

339 295

0,5

7,5

18,1

1 764

Landet

5 258 317

0,9

5,5

12,3

44 332

*) 1. januar 2017 blei  kommunegrensa mellom Sandnes og Sola endra. Eit område med 35 personar blei overført frå Sandnes til Sola.

Siste 10 åra har det vore størst vekst i Rennesøy, Sola, Sandnes, Klepp og Hå. Suldal, Bokn og Hjelmeland hadde størst relativ nedgang i folketalet i fjor. Siste 10 åra har folketalet gått ned i Utsira og Suldal, mest i Utsira med 6,1 %. Hovudtendensen er som før at veksten er størst i dei sentrale kommunane og at det er tilbakegang eller svak vekst i utkantane. Ein tendens er også auka vekst dei seinare åra i meir mellomliggjande kommunar, slik som Strand, Finnøy og Tysvær.

 Alderssamansetjing

Dei nyaste folketala frå SSB viser m.a. at Rogaland framleis har høgast del unge under 15 år. Berre Oslo har lågare del 67 år og eldre, av fylka i landet. Dei under 15 år utgjer 21,3 % i Rogaland mot 19,0 % for landet, aldersgruppa 67 år og eldre utgjer 12,0 % i Rogaland og 14,6 %  i landet.

 Av kommunane har Rennesøy, Gjesdal og Hå  størst del unge (under 15 år), medan Kvitsøy, Sauda og Bokn har størst del eldre (67+ år). Berre tre kommunar har lågare del unge enn landssnittet.

 Utvikling i folketal og aldersgrupper påverkar inntektene til kommunane gjennom rammeoverføringa frå staten. Særleg viktig vil utviklinga i talet på barn og unge under 16 år og dei som er 67 år og eldre. Det er desse gruppene som gir mest utteljing i inntektssystemet for kommunane, sidan dei er dei viktigaste brukarane av kommunale tenester. Fram til 2009 blei rammeoverføringa omrekna i budsjettåret på grunnlag av folketal og tal for aldersgrupper pr 1. januar i budsjettåret. Frå og med 2009 gjeld denne omrekninga ikkje innbyggjartilskotet og utgiftsutjamninga, som nå blir fastsett på grunnlag av folketal 1.juli  året før, medan inntektsutjamninga framleis blir rekna på grunnlag av folketalet 1.1. Nye folketal pr. 1.1.17 påverkar dermed i seg sjølv berre inntektsutjamninga for 2017. Demografiske tendensar vil likevel seia noko om kva utvikling ein kan venta i rammeoverføringa komande år.

 Unge og eldre sortert etter del unge (% 1.1.2017):

 

0-15 år

67+år

   

0-15 år

67+år

Rennesøy

24,7

10,2

 

Karmøy

21,1

14,0

Gjesdal

24,2

8,7

 

Utsira

20,9

15,4

24,0

11,3

 

Lund

20,7

15,1

Forsand

23,9

14,4

 

Vindafjord

20,5

14,9

Tysvær

23,9

13,2

 

Suldal

20,3

17,5

Bjerkreim

23,8

11,8

 

Eigersund

20,2

14,4

Klepp

23,1

11,2

 

Stavanger

19,7

11,5

Time

22,9

11,3

 

Bokn

19,6

17,8

Strand

22,8

13,1

 

Kvitsøy

18,9

19,9

Sola

22,6

10,5

 

Haugesund

18,7

13,6

Randaberg

22,5

11,8

 

Sauda

18,4

18,1

Sandnes

22,4

10,3

       

Hjelmeland

21,6

17,4

 

Rogaland

21,3

12,0

Finnøy

21,4

14,4

 

Rog. u.Stvgr.

21,9

12,2

Sokndal

21,3

16,6

 

Landet

19,0

14,6

Kjelde SSB

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.