Kommuneproposisjonen for 2017 - hovudpunkt

Kommuneproposisjonen for 2017 blei lagt fram 11. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2016

 

Endringar i opplegget for 2016 i RNB 2016

Skatteinntektene er  oppjustert med 0,7 mrd. kr Av dette gjeld  575 mill. kr kommunane. Det reviderte skatteoverslaget inneber ein vekst på 6,4 % i høve til rekneskapstal for 2015. I statsbudsjettet for 2016 var det rekna med ein skattevekst på  7,4 % i høve til overslag på skatteinngang for 2015. Skatteinngangen blei 2,4 mrd. kr høgare i 2015 enn overslaget i haust og dette får også verknader for 2016. Meirinngangen i fjor skal ha samanheng med tilpassingar til skatteendringar i år.

Samstundes er deflatoren  nedjustert frå 2,7 % til 2,6 %. Lønsveksten er nedjustert frå 2,7 % til 2,4 %, medan komsumprisveksten er oppjustert frå 2,5 til 2,8 %. Løn tel 2/3 i kostnadsdeflatoren. Isolert aukar dette den reelle inntektsveksten i 2016 med 0,4 mrd. kr for kommunesektoren .

I samband med revidert nasjonalbudsjett blir det  føreslått tilleggsløyvingar som bidreg til å trekkja opp inntektsveksten i 2016 med om lag 0,6 mrd. kroner.

Etter dette kan realveksten i kommunesektorens samla inntekter i revidert nasjonalbudsjett for 2016 reknast  til 8,3 mrd. kroner, som tilsvarar 1,9 %. Realveksten i frie inntekter i 2016 blir anslått til 3,4 mrd. kroner, eller 1,0 %. (Veksten i saldert budsjett 4,7 mrd. er då korrigert for differansen  i skatteinntektene 2015/2016 på 1,7 mrd. og redusert deflator). Inntektsveksten er noko lågare enn i saldert budsjett 2016, hovudsakleg som følgje av at auken i skatteinntektene andre halvår 2015 berre delvis blir vidareført til 2016. Men inntektsnivået i 2016 blir rekna å vera høgare i revidert nasjonalbudsjett 2016 enn i saldert budsjett 2016.

Regjeringa føreslår eit eingongstilskot på 250 mill. kroner til kommunane på Sørlandet og Vestlandet til vedlikehald og rehabilitering. Desse midlane kjem i tillegg til realveksten i kommunesektorens inntekter. Tilskotet går kommunar som har høgare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet på 3,1 %. I Rogaland gjeld dette i alt 15 kommunar som samla får kr 137 357 000.

Tilskotet skal brukas  på tiltak som blir sette i gong i 2016, og som kjem i tillegg til tiltak i kommunebudsjetta for 2016 som allereie er vedtatt. Fordeling i Rogaland, jf. tabell nedanfor.

Det økonomiske opplegget for 2017

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2017 på mellom 3 ¾  og 4 mrd. kroner.  Det blir lagt opp til ein vekst i frie inntekter på mellom 3 ¾ og 4 mrd. kr, som svarar til 1,1 til 1,2 %.

Veksten i frie inntekter skal dekka meirutgifter som følgje av den demografiske utviklinga (folketilvekst m.v.) på 2,1 mrd. kr av samla meirutgifter på 2,5 mrd.

Samla vekst i pensjonskostnader i kommunesektoren er rekna til rundt 0,85 mrd. kr (av dette ca. 0,7 mrd. på kommunane). Dette er ein følgje av lågt rentenivå og dermed låg avkastning på pensjonsmidlar, og auka amortiseringskostnader på grunnlag av pårekna premieavvik i 2016.

Regjeringa legg opp til at kommunane får mellom 3,45 og 3,7 mrd. kroner av veksten i frie inntekter. Av denne veksten er 300 mill. kroner grunngitt med opptrappingsplanen på rusfeltet. Avhengig av det økonomiske handlingsrommet vil det fram mot statsbudsjettet bli vurdert om deler av veksten skal grunngis med satsing på habilitering og rehabilitering.

Den føreslåtte inntektsveksten skal leggja til rette for styrking av det kommunale tenestetilbodet (0,5 – 0,75 mrd. kr). Dersom kommunesektoren klarer å ta ut effektiviseringspotensialet i sektoren, vil det kommunale tenestetilbodet kunne styrkjast utover det som følgjer av inntektsveksten.

Som vanleg er inntektsveksten for neste år basert på inntektsnivået for 2016 i revidert nasjonalbudsjett. Dersom inntektsoverslaga blir endra når statsbudsjettet blir lagt fram torsdag 6. oktober kan den varsla inntektsveksten for 2017 bli endra.

Tilbakeføringa av selskapsskatten som tidlegare var føresett skulle skje frå 2017 er utsett og vil bli vurdert på nytt neste vår.

Det vil i statsbudsjettet for 2017 bli føreslått at tilskotet til frivilligsentralar, i år 127,8 mill. kr på Kulturdepartementets budsjett (kap. 315 post 71) blir innlemma i rammetilskotet. Det blir lagt opp til at midla blir fordelt særskilt i tabell C i ein overgangsperiode på fire år, og at fordelinga i 2017 vil byggja på fordelinga i år.

Vekstgrensa for veksttilskotet blir føreslått redusert frå 1,5 til 1,4 %. Det blir likevel lågare tilskot i 2017, jf. tabell nedanfor.

Endringane i inntektssystemet

Forslaget er i tråd med avtalen i Stortinget, jf. tidlegare sak.

Tapskompensasjonen for førre endring av inntektssystemet i 2011 vil falla bort i 2017 slik det har vore føresett. Midlane på 400 mill. kr blir omdisponert  til ei ordning for mellomstore kommunar som slår seg saman (100 mill.) og kompensasjon for tap i basistilskot for kommunar som slår seg saman i kommunereformperioden (300 mill.)

Lenkje til tabell fordelingsverknader inntektssystemet for kommunane i Rogaland.

Statsbudsjettet for 2017 blir lagt fram 6. oktober.

Vi minner elles om Kommuneøkonomidagen tysdag 31. mai der kommuneproposisjonen er eit hovudtema (saman med kommunereform).

Lenkje til Kommuneproposisjonen for 2017.

Fordeling på kommunar:

Fordeling tiltakspakke

 
 

arb.led. %

tilskot   kr

Eigersund

5,5

     6 607 000

Sandnes

5,5

   33 679 000

Stavanger

5,0

   48 110 000

Haugesund

5,4

   15 199 000

Sokndal

4,6

         858 000

Bjerkreim

3,3

         110 000

Klepp

4,2

     3 975 000

Time

3,8

     2 481 000

Gjesdal

3,8

     1 624 000

Sola

5,2

   10 160 000

Randaberg

4,3

     2 375 000

Strand

5,4

     5 037 000

Rennesøy

3,5

         367 000

Bokn

3,2

           15 000

Karmøy

4,0

     6 760 000

Rogaland

 

 137 357 000

 

Veksttilskot  2017 og 2016

 

Innb. per 1.1.2016

Befolkningsvekst 2013–2016

Antall innb. over vekstgrense

Tilskudd (1 000)

Fordeling 2016

1102 Sandnes

74   820

2,22   %

615,1

34   744

53   146

1119 Hå

18   591

1,78   %

69,8

3   941

9   658

1121 Time

18   572

2,12   %

134,5

7   598

15   163

1122 Gjesdal

11   853

2,40   %

118,5

6   694

6   422

1130 Strand

12   464

1,61   %

25,8

1   456

6   524

1141 Finnøy

3   221

2,23   %

26,7

1   506

1   103

1142 Rennesøy

4   856

1,68   %

13,7

773

4   045

1120 Klepp

     

0

3   547

1124 Sola

     

0

14   426

1146 Tysvær

 

 

 

0

1   259

Sum

     

56   712

115   293

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.