Tiltakspakke sårbare eldre - aktivitetstiltak for å motverke einsemd og aktivitetstiltak og besøksvert

Mange eldre vart hardt ramma av koronapandemien. Tiltak som vart sett i verk for å hindre smitte førte til at mange var einsame.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2021

For at sårbare eldre skulle få aktivitet og sosial kontakt vart det løyva 400 millionar i 2020. Løyvinga skulle  stimulere til innovative tiltak retta mot eldre. Statsforvaltaren i Rogaland fekk om lag 23 millionar til fordeling. 19 kommunar og 15 frivillige lag og organisasjonar søkte om tilskot.

Statsforvaltaren i Rogaland tildelt midlar til aktivitetar som turgrupper, trim, alternativ juletreff, bingo, konsert og ulike utandørs arrangement. Det er planlagt mykje aktivitet for 2021.

Det var høve til å søkje om støtte til utstyr, og mange fekk midlar til det. Det kan nemnast ipads og materiell til kurs som skal gjennomførast i 2021. Vidare vart det til dømes gitt støtte til besøkstelt, bålpanner, chrome cast og syklar. Det vart spelt inn salmar og songar som kan nyttast ved arrangement i sjukeheimar.

Det har kome ny løyving i 2021 og Statsforvaltaren i Rogaland har fått 15 millionar til fordeling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar