Nye skjema for dykkarar

Det er utarbeid ny skjema for helsekrav for dykkarar i petroleumsverksemda til havs.

Publisert 06.06.2019

Fylkesmannen i Rogaland har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeid nye skjema som gjeld for dykkarar i petroleumsverksemda til havs. Helsedirektoratet har godkjent desse, slik at dei kan takast i bruk. Me har oppdatert våre nettsider slik at det no er dei nye skjemaa som ligg ute.