Koronapandemien: Ikkje fleire separasjonssaker enn vanleg i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland har dei siste vekene fått fleire spørsmål frå journalistar om koronapandemien har ført til ein auke i talet på separasjonssaker. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2020

Tidleg i pandemien uttrykte enkelte samlivsekspertar frykt for at viruset skulle trua både parforhold og husfred når heimekontor og heimeskule var den nye normalen for mange. Har det gått sånn?

Ingen koronaeffekt i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland behandlar alle søknadene om separasjon og skilsmisser i fylket. Me har vore spente på om statistikken kunne visa ein tydeleg "koronaeffekt". Dén effekten ser me så langt lite til i Rogaland når me tel opp talet på separasjonssøknader i år, samanlikna med i 2019. Me har sett på perioden januar–august.

  • Januar–august 2019: 699 separasjonssaker
  • Januar–august 2020: 709 separasjonssaker

Liten auke frå 2019 til 2020

Auken er på 1,4 prosent frå 2019 til 2020 og må reknast som temmeleg stabilt. Nå betyr ikkje dette at koronapandemien ikkje har vore utfordrande for mange familiar, men det har så langt ikkje slått ut på denne statistikken i alle fall. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.