Rettleiing av nyutdanna lærarar

Den første tida som lærar er viktig og kan opplevast som krevjande. Derfor er kvalifisert rettleiing viktig både for å gi nye lærarar auka tryggleik til å handtere og meistre arbeidssituasjonen, og få auka bevisstheit om verdien av eigen kompetanse.

Det er også laga ein rettleiar om arbeidet.

Søk Utdanningsdirektoratet om tilskot til rettleiing av nyutdanna lærarar innan 17. september 2021

Publisert 07.09.2021

Om ordninga

Kommunar og friskolar som er godkjende etter friskolelova, kan søkje om midlar. Kommunane og skolen vel sjølve korleis dei vil organisera rettleiinga.

Tilskotet skal nyttast til direkte kostnader knytta til planlegging og gjennomføring av rettleiinga.

Tilskotet skal bidra til at nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskolen får rettleiing av god kvalitet slik at fleire får ein god overgang frå utdanning til yrke og blir verande i skolen.

Med nyutdannet nytilsatt lærer mener vi en lærer i de to første årene etter endt grunnutdanning, i fast eller midlertidig stilling. Det er kun nyutdannede nytilsatte lærere som startet på sitt første år som lærer i grunnskolen skoleåret 2020/2021 eller 2021/2022, man kan motta tilskudd for.

 

Rettleiar

Utdanningsdirektoratet har laga ein rettleiar med kjenneteign på god rettleiing og døme på korleis ein kan etablere og utvikle ordninga.

Kontaktpersonar